Dagane
Når ein har blogga i 18 år, så kan det vera vanskeleg å finna nye ting å skriva om. I alle høve slike som andre kan ha ei form for glede av å lese.
Eg trur diverre òg at det enorme konsumet av underhaldning, alt frå kattevideoar på instagram, til lydbøker og podcastar og gode og halvdårlege seriar på ymse strømmetjenestar har skapt ein kontinuerleg støy i hovudet, og at denne støyen bidreg til at det er vanskelegare å ta fram ei eller fleire brokker ved livet og UNDRA seg, finna attende til si eiga røyst.
Excuses, excuses.
Tema som kunne ha vore skrive om, men som av ulike årsaker ikkje VART skrive om:
1: Den delen av sommarferien me tok i Danmark (som var veldig fin!)
2: Oppussing av bad og tilhøyrande herlegheiter
3: Hardcorepønkebandet til sonen
4: Mine to band, slepp av nye songar, øvingar fram mot konsertdatoar
5; The Donald
6: Laust og fast frå hamsterhjulet
7: Den neste Skyggbror-songen som er i støypeskeia: Trønderstruck, (me har sjukt gode idear for den songen),
Kommentarer