Baklengsmaskert


Dei sa at djevelen låg på lur i musikken, i alle ting kring oss

Så Led Zeppelin-platene gjekk på bålet

Ja, eg kvitta meg med Eagles og,

og Pink Floyd

Eg sat igjen med Elton John, Sting og toto

Og det var kan hende det jævligaste av alt

Eg sakna den svarte hunden og ein heil haug med kjærleik

Gud er kjærleik, sa dei

 

Dei sa at djevelen låg i detaljane,

Kven vil vel ha ein gud som ikkje likar Led Zeppelin?

Eg forstår det ikkje

Eg har tenkt mykje på det

 

Lei oss oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det onde, messa dei.

Men kva i Kaanans land er det onde?

Det er i alle høve IKKJE Led Zeppelin

Eller nileppeZ deL

Fri oss frå det dumme

Og frå toto

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta