Byasar og Lannasar, versjon 2.0

Rogalendingen har ikkje noko godt rykte på seg sørover; i alle høve ikkje folk frå Stavanger. Med lommane fulle av oljepengar vert dei skulda for at dei lèt Sørlandet flyta over med arroganse, dårleg smak, brautande stil, dyre bilar og tilhøyrande hasardiøs køyring. Pissemaur og Rogalandsbilistar er kallenamn som vert brukte. Det vert òg påstått at fyllearresten på danskebåten vert kalla Rogalandssuiten, utan at eg har fått dette bekrefta av meir enn ein Colorline-tilsett. I Ryfylke – der eg kjem frå – kallar vi dei byfolk, eller "byasar". Dei har gjerne kjøpt seg hytter av det meir prangande slaget; Audiane og BMW’ane deira er eigentleg for breie for vegane der inne, og dei som køyrer dei, har ofte ikkje den nødvendige fingerspitzgefühl som ein treng for å ferdast på dei smale vegane. Allslags sensorar og ryggekamera kan aldri erstatte ferdigheiter som ein berre kan tileigne seg ved hjelp av erfaring eller medfødd talent. 



Den første Haren eg skreiv for 11 år sidan, handla om skilnader på "byasar" og "lannasar", og tida er overmogen for ein versjon 2.0, eit kurs i skikk og bruk for byasar som vil tilbringa feriar og helger på verdas finaste stad. Det bur folk der frå før. Eg er klar over at Bondevennen sine lesarar primært er akkurat det: vennene til bonden, men dersom de kjenner byasar som treng ei innføring, kan de gjerne sende dei til meg. For kursing. Og konflikthandsaming:



1. Der vegen er smal (til dømes på Randøybrunå), går det ikkje an med to bilar på ein gong. Det betyr at ein lyt rygga. Som hovudregel er det den som har kome kortast over brua når han oppdagar den andre, eller er nærast ein møteplass. Ikkje still deg opp og forvent at reglane er annleis for deg. Ikkje vreng med auga eller rist på hovudet; ikkje bruk fløyta. Sett bilen i revers og rygg til næraste passeringspunkt.

2. Dersom du gjer dette – ryggar for nokon – så bør du forventa eit tydeleg nikk, eller ei helsing med handa til ruta. Dette er eit teikn på anerkjenning, respekt for at du kjenner reglane, og evnar å følgja dei.

3. Dersom nokon bakkar for deg – sjå for hekkan til å syna dei den same respekten.

4. Dersom det er sauer, kyr eller andre dyr i vegen: Held god avstand, køyr seint, og vent til du kjem til ein stad der dei kan springa til sides. For ekstra poeng: Kontakt bonden på næraste gard.

5. Aldri gå inn i fjøs eller andre livdyrrom utan å spørja om lov fyrst. 

6. Ikkje klyv på gjerda.

7. Lukk grinda etter deg.

8. Ikkje hiv flasker eller søppel rundt deg, berre fordi du kan. 

9. Hugs at det heiter ikkje Åkkse: Me seier stut, og nei, dei er ikkje farlege, men held gjerne litt avstand, og det gjeld andre typar dyr òg.

10. Når du går på butikken: Ta gjerne på deg eit t-skjorte, for sjølv om du er på landet, så er det ikkje så forferdeleg lekkert med sveitt hud som knegar seg inntil isdisken.



Det fins fleire – skrivne og uskrivne - reglar for korleis du ter deg på landet , men puggar du desse 10, så har du brukbare forutsetningar for å opphalda deg i Ryfylke til sommaren. 



Ps: Grav deg him betyr pell deg heim. Dersom eg fekk denne beskjeden, så ville eg ha vurdert å kjøpe ei hytte på Sørlandet. Eller halde meg i byen.


 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta