Julepresang

Det er snart jul, og ein mann som alltid er aktuell når denne høgtida kjem nærare, er Alf Prøysen. Om det er Snekker Andersen og julenissen ellerJulekveldsvisa, eller Bygda som glemte at det var jul, eller denne her, som er min personlege favoritt; den eg kjenner meg mest att i:

Og det var vesle Jensemann han strever dagen lang
Han snekrer på no spennende som snart skal bli presang
Nå er det bare kassebord, men gjett hva det skal bli?
Et sybor slik som mor vil ha med mange skuffer i

Det vil hun sikkert ha, da blir hun sikkert gla’
Og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra.

Okei. Det er fem vers til. Alle over 40 kjenner den songen.

Då eg var ti, laga eg ein seglbåt i sløyden på barneskulen, under sløydlæraren si kyndige 
rettleiing. Sløydlæraren var dessutan òg skulestyrar, sjølvlært gymlærar, norsklærar, mattelærar, O-fagslærar , kristendomslærar, og så vidare.

I sløyd var han skitgod, og hadde han ikke vore det, så hadde det ikke blitt nokon båt, for å seia det på den måten. For eg var godt under middels. 
Eg begynte tidleg på hausten med å hòla ut ein svær kubbe av tre. Eg sto med gummiklubbe og stemjern og styrte på, så flisene fauk, to timar i veka.



Eg hugsar lukta av furu, og den ganske gode stemninga som var i sløydtimane. Dei fleste av gutane elska sløyd. Dei sto ivrig bøygde over dei forskjellige prosjekta sine, med verktøy og klossar tredd i sandpapir; høvelspon på golvet. Og i eit hjørne sto eg og banka og var lei og tenkte på cowboyar og indianarar.

Kanskje tenkte eg på Prøysen òg. Eg gjer i alle høve det no: På at det han har tilført jula, nettopp er lukta av skog og høvelflis. Samt at han tona ned Jesus-faktoren og smurde på ein god dose Hedmarksdialekt; det tykkjer eg funkar som berre fy.

Eg styrte med denne båten heile hausten, og hòla ut lange fliser, til hoggjernet sklei igjennom botnen og inn i høvelbenken, og Knut måtte lima med e
it vidunderlim som heitte Aralditt, som lukta heilt forferdeleg. Og så vart vi einige om at vi måtte leggja eit dekk på båten, slik at ingen kunne sjå kor dårleg handverk det eigentleg var. ( Og så slapp eg å pussa på innsida òg.). Me laga mast og ein slik pinne i baugen, dekk med dekksluke i, og rorpinne som vart festa i akterenden. Hanne (handarbeidslærarinna) hjelpte meg med å teikna og sy segl. Som tiåring var eg frykteleg stolt over resultatet.

Og så var det tett oppunder jul, og eg ville g
je han til morfar. Morfar med det gode fanget, som sat der i stolen sin med dei mørke solbrillene sine og lukta skråtobakk og var åtti år gammal og blind etter ei gruveulykke. Morfar hadde vore møbelsnikkar og var visstnok ekstremt handy før han mista synet. Eg har eit bestemt inntrykk av at alle menn i hans generasjon var det.
Eg kan s hendene hans som kjenner seg fram langs det glattpussa skroget, høyre røysta hans som seier på ein trønderdialekt som var ganske tjukk: Henne va no fin båt henne. Og eg var så stolt. Svulma mest. For eg likte godt å få skryt.

Morfar dø
ydde to år seinare, men mormor hengde båten opp til pynt ute i gangen, slik at alle som kom på besøk, kunne beundra han. Og der hang han til mormor forlot oss i 2003. No står han her på kjøkkenet i Slaskamarkå. Oppå eit skap.  Då eg opna dekksluka første gong, fekk eg stadfesta at det var lurt å ha dekk på. 

Og oppi båten lå
g ein til/frå-lapp frå jula 1980 der det sto: Til morfar fra Østen.

Det var fint
.

Kommentarer

Irene sa…
Fint juleminne om en sjøllaga båt og en morfar. ♥

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta