Sommarminne


Far påsto som kjent ein gong at eg har vore russ i femten år.
Det er kanskje ikkje heilt sant, men litt hald er det i det.
Sjølv ville eg heller sagt det slik at eg har vore ute nokre
vinternetter før- og ikkje så reint få sommmarnetter heller.
Mjølking på Søndags-morgon når eg hadde vore på raggedeisen kunne ofte vere tungt.
'Dei er fine som fer fint åt', åtvara farmor SINE håpefulle før dei gjekk på fest, og sjølv om desse vage
formaningane vart videreformidla til vår generasjon, vart innhaldet
berre innfridd til ein viss grad.
I den tida eg budde heime, og hadde sommarjobb på
nabogarden - hende det ved eit par høve at eg gjekk beint på opphavet i sekstida om morgonen, der eg var på veg inn frå nattleg rangel, og han hadde koka seg kaffi, som han hadde tenkt å nyte i fred medan han høyrde radio, og grunna over alt han hadde å gjere.
Eg for min del skulle berre skifte til kjeledress før eg skulle ta
turen til naboens fjøs, der kyrne stod klar til mjølking og
foring. Høg rauting og fjøslukt. Jess. Dette var i grunnen utfordring meir enn nok- mi allmenne tilstand tatt i betraktning. Det å treffe far når eg var i ei slik forfatning høvde særs dårleg. Sjølv om morgonen alltid har vore den tida på døgeret der far faktisk er blid som ein lerkefuggel. Han må ha høyrt meg- den eine gongen sto eg gøymd bak kjøkkendøra, og fargen på det kortet eg fekk ved dette høvet var heilt på grensa til direkte raudt. Og skyllebøtta eg fekk var i øvre enden av skalaen, både i lydstyrke og innhald.
Deretter vart eg køyrd på jobb.
Alle som har stelt kyr i bakrus veit at uttrykket 'dagen derpå' i
desse situasjonane fort kan få ei heilt ny meining.
Det hender at eg kjenner eit sakn etter rolege sommardagar heime. Lukta av alt som gror, nyslege gras, diesel og maursyre. Då rykkjer det kanskje litt i lannasen i meg. Eg trur det heiter fantomsmerter. Men Søndags-mjølkinga, og særleg den første - kan dei berre ha for meg.

Kommentarer

paaskeharen sa…
Snodigste
avsnitt
jeg har
sett. Merkelig for
jeg
Prøvde å
fikse
dem to
ganger
også.
Anonym sa…
Jeg er som noen av dere vet odelsgutt! Det var på en tilsvarende søndag at jeg tok beslutningen og si fra meg odelen.

Jeg kom også rett fra fest, gikk plystret på en lystig sang denne søndagsmorgenen, mens jeg sanket kyrne, fikk dem inn i fjøset og på plass. Jeg gav dem det rette foret og begynte og melke.

Alt gikk veldig fint helt til den siste kua gjenstod, jeg satt på et melkespann mens jeg ventet på at den skulle bli ferdig å melke. Det neste jeg husker er at kua rauter noe voldsomst og jeg ligger "face down" i ei god og varm ku mukke. Kanskje den letteste avgjørelsen jeg har tatt................
paaskeharen sa…
Ja, det høres ut som et av de virkelig ENKLE veivalgene i livet:)
Hehe

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta