How does it feel?
Dotter mi Ingrid har i lengre tid vore på meg om at det kjem ein film om Bob Dylan, og om ho og eg kan gå og sjå den. Det var lett å seia ja, kjenna seg som utvald. Me har band i musikken, Ingrid og eg.
Årsaka til at ho er så oppteken av akkurat denne filmen er at han som spelar hovudrolla er ein som ho skal gifta seg med, men som diverre er oppteken akkurat no, med ein Kardashian, som ho seier, utan at eg på førehand greier å plassera korkje skodespelaren eller kjærasten hans.
Ho har gledd seg slik til denne filmen, at ho har høyrt seg opp på songane til Dylan, og rett som det er høyrer eg henne etterlikna gnauringa til songaren, How does it feel, syng ho med augo litt igjen, og eit lurt smil kring munnen.
Ingrid hentar sin informasjon på Tik Tok og SNÆP, og kanskje Instagram, kva veit vel eg. Denne filmen, som heiter A complete unknown hadde premiere over there i fjor alt. Dottera seier han har fått Oscar-nominasjonar. Eg har ikkje lese noko om han i norske nettaviser, dei ventar kanhende til premieren. Som visstnok er ein gong uti Februar.
Eg kjøpte billettar til førpremieren i Stavanger, som var 31. Januar Me gjekk på Olivia og åt først. Nokså middels mat til nokså stiv pris, men selskapet var upåklageleg. Servitrisa ser ut som ho er 11-12 år gamal, og skjønar ikkje når eg freistar å tulla.
Me betaler. Tipsar ti prosent, ruslar over til Sølvberget i den litt rå, kalde Januarkvelden. Begge i fôra dongerjakke, eg i palestinaskjerf.
Me kjøpte popkorn, sjokolade og mineralvatn på kulturhuset. Hadde alt for god tid, det var ingen der, utanfor sal 11, så me gjekk berre inn, fann plassane våre på tredje rad, og der sat me og venta på at det skulle skje noko. Ti over åtte eller noko sånt, det kom inn ei dame som bar Odeonmerket, ho sa at me var litt tidlege, og at me diverre måtte gå ut.
Me gjorde som ho sa, stilte oss uti gangen, såg Ormar på sprit - videoen som akkurat var sleppt på youtube. Me såg han på mobiltelefonen min, med lyden på max. Ingrid lo då eg sa at Jon Eirik likte pinnsvinet best.
Sjølv likar eg kanskje dei korte sekunda med det nedslitne sirkusteltet, heilt på slutten av videoen. Og uglene, men det gjer ikkje meining dersom ein ikkje har sett det.
Ho frå Odeon kjem og les av billettane våre, og me kan gå inn og setja oss igjen. Publikum består av litt middelaldrande folk som meg, og nokre yngre jenter. Ingrid trur jentene kan koma i vegen for gifteplanane hennar, ho trur dei er der av same grunn som henne, og eg seier at så snart lyset er av, så kan me bombardera dei med popcorn, Ho fniser.
Denne filmen dreg meg inn på ein måte som eg ikkje hadde sett for meg. Den unge Dylan som kjem til New York på leiting etter Wooddy Guthrie, med gitaren i ein koffert, og nokre tekstark i lommen. Han finn han til slutt på eit sjukehus i New Jersey, utan taleemne, men i selskap med Pete Seeger, som vert spela av Edward Norton.
Bob vert beden om å koma inn, seier at han har høyrt på songane til Guthrie, at han likar dei, dei betyr noko for han, og når han vært oppfordra til å spela ein av sine eigne songar, tek han ut gitaren, festar capoen og seier denne songen har eg skrive til deg, Mr Guthrie.
Andre verset går slik:
Hey, hey Woody Guthrie, I wrote you a song'Bout a funny ol' world that's a-comin' alongSeems sick and it's hungry, it's tired and it's tornIt looks like it's a-dyin' and it's hardly been born
Eg skal ikkje 'spoila' meir av filmen sitt innhald for dei som har lyst til å sjå han. Alle må sjå han! Dylan sitt talent (kanskje særleg på tekstforfattarsida) er antakeleg utan sidestykke, han vert tolka sobert av min komande svigerson, han syng godt, er passe intens, og hans vordande greier ikkje la vera å snakka undervegs, lågt og fort, oppslukt av handlinga og musikken, og stemininga frå the Village tidleg på sekstitalet, som vært skildra varmt og nært.
Den unge kjærleiken, den ekstremt talentfulle visesongaren som er så inspirert og som skriv og skriv, som om all verdas viktige songar og tekstar har kome til akkurat han.
Den uunngåelege berømmelsen som treff han, visebølga som løftar han fram som sin største profet, trongen hans til å gjera nye ting, gjera ting på nye måtar som er felles for dei fleste store kunstnerar.
I følge ein Jungiansk personlegdomstest eg tok for ikkje lenge sidan, så er eg over snittet sensitiv, og denne filmen her, den fekk fram både tårer og høneskinn.
Alle songtekstane vert vist på lerretet, det er respektfullt og smakfullt, og rett og slett ein aldeles nydeleg film.
Då Ingrid og eg forlet kinosalen, etter toogeinhalv time som gjekk alt for fort, er vi jamnt einige om at dette var ein fantastisk film. Kanskje ein av dei beste musikkfilmane me har sett.
Og ein veldig veldig fin kveld vart det.
Kommentarer