Skårfesting

Prosjektet med å laga ti bod for korleis ein skal te seg på konsert - det viste seg å væra for ambisiøst - kunne vore kokt ned til eitt: Ikkje vær eit rasshål.

Som dei fleste har fått med seg, så har det kome snø på sørvestlandet, blitt mildt og kaldt om ein annan, og Bjørnstjerne Bjørnsons vert ikkje prioritert for brøyting. Eg vil mest seia ignorert, og det same gjeld nabogatene, som og heiter noko med forfattarar, Sigrid Undsets og Jonas Lie, og jah - same kan det vel eigentleg væra.

Natt til fredag arbeidde eg natt, og då eg kom heim klokka ti over seks på morgonen - i trekkoppbilen - freista eg å ta fart over issvullen for å få parkert langsmed hekken vår, og vart sitjande fast med buken, halvt uti vegen. Stuptrøytt og irritert freista eg å ta meg laus i begge retningar, sette tilog med køyretyet i gir medan eg dytta, men dei små trillebårehjula vart ståande og spinna hjelpelaust, og bilen kom korkje eine eller andre vegen.

Mens eg styrte på kjørte det to bilar forbi, den eine var han som leverer avisa om morgonen, han som bankar postkasseloka ned som om det skulla væra deira feil at han må opp så tidleg for å levera dei helvetes avisene.

Men det er det jo ikkje - loka er bare der for å beskytta det som ligg inni postkassen frå å verta vått.

Han har ikkje tenkt å hjelpa meg. Eg får Rållså ut til å setja seg bak rattet, me sit like fast, heilt til det kjem to karar som dyttar bilen av skjæret, og eg takkar dei frå botnen av hjarta, og får parkert, og gått og lagt meg og allslags.

Seinare på dagen brukar eg ein liten time på å hakka vekk isen og snøen mellom vegen og der bilen vår brukar å stå. Eg brukar ein smal spade, ei jernrive og ei snøskuffe i plast. Eg er ganske nøgd når eg er ferdig, og tek litt ekstra, slik at det skal verta lettare for naboen og.

Då eg skal køyra Ingrid på drama i kveldinga, ser eg ei dame i ein liten bil, og det som kan vera dotter hennar freistar å koma ut på vegen, og eg tenkjer at eg ikkje skal vera ein slik som berre køyrer forbi, eg stoppar ved kanten og kommanderer Ingrid til å vera med og dytta.  

Me greier berre å få bilen marginalt lenger ut i vegen (slik at han er endå meir i vegen), før Ingrid og eg må køyra, og eg ber om orsaking for at eg forlet dei der, men seier at eg kjem bortom på vegen tilbake, dersom dei framleis står der, men det gjer dei heldigvis ikkje.  

Og eg kjem på ein gong heime på Kåda, på åttitalet då far løfta bilen til ei dame frå  Stavanger inn på vegen på eigenhand. Gjekk ned i grøfta, tok tak med ryggen mot bilen, og løfta bakhjula innpå vegen. Ho vart voldsomt imponert.

Og ein annan gong, då storesyster Bergljot var ute og øvingskøyrde med samme mann, og køyrde i grøfta. Då han byrja kjefta på henne, let ho han stå der aleine, og gjekk heim utan eit ord. Ho var IKKJE så imponert. Ikkje i det heile tatt.






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Løa i Tønnevik