Innlegg

Viser innlegg fra 2025

Om gåver og sigøynerar og musikken si grensesprengjande kraft

Bilde
Når ein har vore saman  i over tjue år, så er det der med å kjøpa gode presangar til jul og fødselsdagar noko som ikkje vert lettare. Eller det er i alle høve mi erfaring.  Det varierer nok ein heil del kva forventningar ein har til gåver, både dei ein gjer og særleg dei ein får.  Kva slags type par ein er vil sjølvsagt bety noko. Ei god gåve KAN vera ein fin måte å seia til den andre at ein set pris på hen. At ein ser henne eller han. To gonger var eg med far min på julegåvehandling på litla julafta.  Gåva til mor var  den einaste julegåva som var hans ansvar. Begge gongane var det noko dyrt og stort og blankt frå ein gullsmedbutikk. Begge gongene var det suksess heime hjå mor, og mor var vel verdt dei blanke tinga, det er det ikkje tvil om. Eg kjøpte drill til Rållså ein gong. For det var det ho ønska seg. Sa ho. Det som er Rållserauå og meg sin felles plattform, før ungar og hus og alt det der som fort vert hovudprosjekt og vel så det, det er musikk, tekst, h...

How does it feel?

Dotter mi Ingrid har i lengre tid vore på meg om at det kjem ein film om Bob Dylan, og om ho og eg kan gå og sjå den. Det var lett å seia ja, kjenna seg som utvald. Me har band i musikken, Ingrid og eg. Årsaka til at ho er så oppteken av akkurat denne filmen er at han som spelar hovudrolla er ein som ho skal gifta seg med, men som diverre er oppteken akkurat no, med ein Kardashian, som ho seier, utan at eg på førehand greier å plassera korkje skodespelaren eller kjærasten hans. Ho har gledd seg slik til denne filmen, at ho har høyrt seg opp på songane til Dylan, og rett som det er høyrer eg henne etterlikna gnauringa til songaren, How does it feel, syng ho med augo litt igjen, og eit lurt smil kring munnen. Ingrid hentar sin informasjon på Tik Tok og SNÆP, og kanskje Instagram, kva veit vel eg. Denne filmen, som heiter A complete unknown  hadde premiere over there i fjor alt. Dottera seier han har fått Oscar-nominasjonar. Eg har ikkje lese noko om han i norske nettaviser, dei venta...

Skårfesting

Prosjektet med å laga ti bod for korleis ein skal te seg på konsert - det viste seg å væra for ambisiøst - kunne vore kokt ned til eitt: Ikkje vær eit rasshål. Som dei fleste har fått med seg, så har det kome snø på sørvestlandet, blitt mildt og kaldt om ein annan, og Bjørnstjerne Bjørnsons vert ikkje prioritert for brøyting. Eg vil mest seia ignorert, og det same gjeld nabogatene, som og heiter noko med forfattarar, Sigrid Undsets og Jonas Lie, og jah - same kan det vel eigentleg væra. Natt til fredag arbeidde eg natt, og då eg kom heim klokka ti over seks på morgonen - i trekkoppbilen - freista eg å ta fart over issvullen for å få parkert langsmed hekken vår, og vart sitjande fast med buken, halvt uti vegen. Stuptrøytt og irritert freista eg å ta meg laus i begge retningar, sette tilog med køyretyet i gir medan eg dytta, men dei små trillebårehjula vart ståande og spinna hjelpelaust, og bilen kom korkje eine eller andre vegen. Mens eg styrte på kjørte det to bilar forbi, den eine var...