The dark end of the street

Eg hugser at det var ein daglegvarebutikk i den shady enden av Pedersgata som selde øl utan å spørja om legetimasjon.

Det var min favorittbutikk.

Eg hugser at eg skulle ha fest ein gong i 1987, og at eg gjekk på bussen, nummer 5 eller 15, ned til torget og gjekk heilt dit, til enden av Pedersgata og kjøpte to kassar øl og transporterte dei i ein stor, marineblå bag, og det var så tungt at knea såvidt bar meg ned til domkyrkjeplassen.

Eg hugser at 1987 var eit år då eg kjende på eit snev av fridom, at eg budde på hybel på Eiganes, i Torfæus gata, og at eg kjøpte Def Leppard sin Hysteria på kassett og Bruce Springsteen sin Tunnel of love. På kassett.

Det var foreldra mine sitt pensjonerte anlegg, to oransje, sekskanta Tandberghøgtalarar, ein Telefunken radio/forsterkar, og eit flatt kassettdekk frå Akai.


No må du gå å hjelp han far, sa mor, og det var lettare å gå ut i fjoset, enn å gå og kjenna på det dårlege samvitet.

Og han vart vel glad, sjølv om han ikkje viste det.

Eg hugser at 1988 var det første året, den første gongen eg såg far min grina. Det var første eller andre Januar, morgonstellet.

At eg ikkje visste kor eg skulle sjå då. 

'Han gjorde det sjøl', sa han'. Han freista sjå meg i auene, men eg vrei andletetet unna. 

Far min skulle ikkje grina, for han var bjelken som haldt alt på plass.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta