God jul til deg òg!

 Det er Søndag og Endre og eg er på jakt etter julatre.

Det foregår ikkje slik lenger, at eg - væpna med øks og sag - tek meg turen under tødene over Kåda - i halvmørkret for å hogga julatre i eigen skog.
ME er væpna med brukbart humør, smultring frå butikken, og eit visakort som det er pengar på (enn så lenge).
Og me sit i den minste, og billegaste elbilen som i si tid kunne kjøpast for pengar. Det kjem eg inn på seinare.
Ryktet seier at dei sel julatre på Tjensvoll, og sidan kortreist er i vinden, køyrer me dit først. Jo, det er tre der, men ingen kremmar. Trea er låst inne med ein blå nylontau, det er ikkje fyr i bålpanna. Det regner kattar og hundar.
Me må til Hillevåg, køyrer Auglendsveien mot Kilden, forbi Kilden, ventar på tre bilar som kjem frå venstre, og smett ut framfor den fjerde. Det er ein BMW, han tutar iltert og eg sleng ein langfinger opp i bilruta og ropar OG GOD JUL TIL DEG OG! Junior ler så han set smultring i halsen. 
Me kryssar over vegen til ein julatremogul frå Hetlandsbygda. Dei sel edelgran til 198, seier skiltet. Den første grana me likar har 1198 på prislappen, så villeiande marknadsføring skjer framleis i julatregeskjeften.
Me går lenger inn i skogen, og finn ei smal, tett edelgran til 850, som beggje tykkjer funkar, og utan meir rauaradl hukar me tak i ein seljar, som pakkar treet vårt i ein strømpe medan me betaler.
Den bilen, ja. Han er ikkje konstruert for transport av lange tre.
Eg freistar å tre på plass grana med rotenden først. Det går ikkje.
Endre foreslår andre vegen, og me dyttar setet hans heilt fram, og toppen bøyer seg langs frontruta, og Endre ropar triumferande når han ser at bakluka smyg igjen.
Så sit me der - som Snipp og Snapp i skogen, og fnisar med oss sjølve.
Me gjer treet åtte av ti poeng, og turen ein blank seksar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta