Me som bygde landet

 

Ein klok mann eg kjenner sa ein gong: Ungar er fremskrittspartistar når dei vert fødde, og det er vår jobb som foreldre å oppdra dei til å verta gode sosialdemokratar.

Det er godt sagt. Det var Arnstein som sa det. Mange sosialdemokratar vert forøvrig fremskrittspartistar når dei vert gamle igjen, tenkjer eg. Berre ein obsevasjon,

Mi erfaring er at vi vert testa på korleis det står til med moralen vår kvar dag, om vi gir plass til andre på bussen, eller juksar på skatten, snik i køen, karrar til oss litt meir enn det som eigentleg høyrer oss til. Brukar olbogar for å koma oss fram på bekostning av andre.

I ein episode av Norsken, Svensken og Dansken i vår refererte programleiar Hilde Sandvik til ei undersøkjing der foreldre i ulike land vart spurt om ulike sider ved barneoppdraging.

Det eine spørsmålet var omtrent slik som dette: Kor viktig er det for deg å oppdra dine born til å ta hensyn til andre? Berre 22 prosent av dei norske foreldra som var med svarte at det var viktig for dei.

Det har sett seg fast djupt nede i brystet mitt.

Eg opplever ikkje den oppveksande generasjonen slik, altså. Men eg ser jo tendensar ellers, blant dei vaksne. Eigen suksess, stor rikdom, dyre klede, mykje bling, klokker og sko. Det er det det vert drøymt om.

Christiano Ronaldo, Lionel Messi, Benzema og monge andre er ambassadørar for meg sjølv først- røyrsla, Alfie (tidlegare Alf Inge) og Kvalpie Haaland, Bjørn Dæhlie, Spetalen, Fredriksen , han der sjakkføkken plusspluss. Og soga om kor smålege og kommunistiske me er her i landet, som driv forfølging av dei som har 'skapt så mykje for Noreg'. Det har vorte så ille at dei er nøydde til å flykta, for i kommunistiske Noreg har det vorte uuthaldeleg å vera rik. Misunninga er sterkare enn kjønnsdrifta, vert det sagt. I kommentarfelta og i leiarene til Gunnar Stavrum.

Nei, vi skal ikke betale skatt, vi.

For Alfie  (tidlegare Alf Inge) sin del så har han vel vaska hevdalukta ut av håret for monge år sidan, men ikkje lenger sidan enn at han kan te seg som den nest største idioten på Santiago de Bernabeu, 'Investor' Spetalen tar gull, der ein filmsnutt avslører at dei skrik ukvemsord og hiv peanøter på heimefansen medan dei jublar over Manchester City si scoring, frå VIP-boksen oppunder taket.

Arne Garborg must be turning over in his fucking grave.

Ordføraren i Time toppar det i euforien med å seia at Erling Braut Håland (son av the man formerly known as Alf Inge) er det beste som nokon gong har kome frå Jæren.

Dei sel historia om at dei er der dei er av di dei fortener det, dei er 'self made', og litle noreg er for lite og kommunistisk for dei, det vesle pottitlandet

Einstein sa ein gong at eg var for gammal til å ha dei meiningane eg har. Det var på fest, og då vart eg så sint at eg gjekk rett heim, Dels av di det ikkje er festleg å diskutera politikk i fylla, dels av di det eg høyrde var 'du er båe dum og gammal'. Som om han hadde forstått noko som eg ikkje forsto. Vi er vener igjen, altså. Men enige vert vi nok aldri.

Dei som les meg eller kjenner meg på anna vis vert nok ikkje sjokkert over at eg har desse meiningane.

Sjekk ut denne strålende versjonen av 'Vokt deg for hunden' fra 2010! God tekst og fantastisk songar!

https://www.youtube.com/watch?v=aV6--tHdqak




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta