Ruth Asawa i kunstmuseet. Det er monge ting eg ikkje veit



Stavanger kunstmuseum ved Mosvatnet - der var eg mykje då ungane var babyar. Eg trilla tvillingvogna eit par rundar eller berre ein, mens eg røykte som ein skorstein, og så bruka me å ha pitstop og middag på Kunstmuseet. Fiska dei ut av dunpåsane, og setja dei i kvar sin babystol. Varma middagsglasa i mikroen.

Vaffel eller is til dessert.

Byta bleiene på stellerommet, tørka snåtten. Gjekk i ring. Rundt meg sjølv. Ut på hjul igjen. Eg minnest ikkje om me mata endene. Eller korleis eg kommuniserte med dei.

Antakeleg med små, tåpelege songar. Det gjer eg forsåvidt enno.

Sjølve museet, ja. Det er jo eit nydeleg bygg, med ein glaskuppel, som ligg på ein nydeleg plass, og her ein laurdag hadde Rållså lese noko om ei utstilling som var så bra, og som det nærma seg siste sjans før ho fôr vidare, eller kva slike utstillingar gjer.

Vert pakka i kassar av tre med denne side opp og handle with care, og kanskje fullt av vatt og isopor og avispapir. Kva veit vel eg?

Det er monge ting eg ikkje veit.

Eg veit ikkje så mykje om sjølve kunsten heller, eller korleis dei lagar han, og når eg skal freista oppleva på kunst, så går eg som regel lei nokså kjapt. Gudane veit kvifor. Kan hende fordi eg faktisk ikkje forstår, at eg er for annig, og at det liksom vert kunstnaren sin jobb å vinna mitt skeptiske hjarta over. Eg er ikkje kategorisk avvisande, freistar å finna noko som gjer meining eller perspektiv.

Eg er uansett berre ein enkel mann frå landet.

Kunstnaren heiter Ruth Asawa, og er Amerikansk/Japansk. I ein 20 minutt lang introduksjonsfilm vart me kjende med henne. Flakkande film i svartkvitt, og ei mannsrøyst på engelsk som snakka om henne.

Og så den jækla etniske fløyta og det halvsure strengeinstrumentet som veksla på å lydsetja filmsnuttane, som gjekk opp og ned i intensitet for å understreka innhaldet.

Eg kjente på heile deg at du ville gå. Eg trengte ikkje se på deg ein gang.

Det var forsåvidt sant at backingmusikken gjekk meg på nervene. Eller - han gjorde det - men brokker av informasjonen gjorde  meg nyfiken på mennesket.

Asawa hadde foreldre som emigrerte frå Japan til USA. Dei var fattige landarbeidarar, jobba 20 timar om dagen med å plukka frukt. Under andre verdskrigen - frå 1942 - vart alle med japansk avstamning internert i leirar, for myndigheitene frykta at dei skulle væra spionar for fienden. I avisene vart desse menneska samanlikna med rotter, og det var ei allmenn oppfatning at forræderi låg latent i blodet deira.

Til samanlikning vart ikkje folk av tysk herkomst internerte. Smak litt på den. Det er eit ord for dette. Og det er rasisme.

Asawa var fødd i 1926, og vart som ung kvinne internert i ein slik leir saman med familien sin. I leiren traff ho andre som var interesserte i kunst, og frå 1946 sturderte ho ved Black Mountain College i Nord-Dakota, og nå er det mulig at eg kjeder mine 38 lesarar med faktainformasjon.

Mellom etnofløytene og dei intense gitarane var det nokre ting hovudpersonen sa som eg beit meg merke i. Ho samanlikna menneskjet med frøet. At frøet vaks med ein gong det kom i jorda, og igjennom heile livet, og at vi menneskje måtte gjera det same. Ho ville ikkje kasta vekk livet sitt, ho laga bilete og skulpturar, fletta og styrte på, starta opp kunstfag på skulen ungane hennar gjekk på, og ordet driftig ligg framst på tunga om ein skal beskriva den filmsnutten.

Då han byrja på ny igjen, kunne me gå inn på sjølve utstillinga, mens fløytene kvein i øyrene mine. Det var ei nokså omfattande utstilling (alt for stor, tenkte eg då me gjekk inn). I det første rommet var det bilete, store og små. Med sterke fargar og svake fargar, og me gjekk litt i lag, og litt kvar for oss.

Eg tykte jo at det var mange fine bilete der, og at lyssetjinga var god, men då me kom inn i det eine rommet med skulpturar - det var først då eg fekk vart begeistra. For der hong det fletta former i taket, fletta av kopartråd (trur eg), og lyssett på ein måte som ga gjorde dei levande og mystiske, som fabelvesen frå fortida, elle skjærereir i trea, og skuggane vart røter. Det var mektig å gå i mellom dei, Ikkje var det så mykje folk heller. Og ikkje sure etnofløyter.

Den faste Kitty Kjelland-utstillinga som står der, med bilete av mørke landskap pakka inn i ekstremt heftige gullramer, den var i nokså stor kontrast til dette andre, men det var eigentleg berre kult.

Etter ein halvtimes tid var eg lei, og me gjekk inn i gåvebutikken, som òg er veldig fin, for dei har ting der som ikkje vert seld i vanlege krimskrams-butikkar eller Søstrene Migrene.

Utstillinga var god. Veldig god. Og Rållså var fin å henge med. Og at det fins noko slikt fem minutt ifrå der me bur. Det er pluss i margen!




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta