Mother Russia var bra, da (Sisters of Mercy, Sentrum scene 21/5 2022)

 


Klokka er kring 2230 utanfor Sentrum scene i Oslo. Det står to stykk der, som ikkje kjenner kvarandre frå før, og beggje må ha pause frå konserten dei er på, og beggje røykjer og han frå stavangertraktene, han som er eldst er så skuffa at tårene står i augene hans.

Han som opprinneleg kjem frå Bergen seier: Han kunne ha gjort det sååå jævla lætt for seg! Han kunne ha tatt på seg en hatt, fylt scenen med røyk, og hængt seg åver mikrofonstativet. Og dær kunne han bare stått, og folk hadde bare ælsket det.

- Eg heilt enige, eg har faen lyst te å begynna å grina, og lyden - ka har di gjort med lyden? Det e jo EIN jævla graud. Og han synge jo ikkje - han kvekke jo som ein FROSK!

Ein kompis av Flanellskjortemannen frå back in the day hadde ordna oss sitjeplasser på galleriet, fordi vennina hadde noko med ryggen, og me sat heilt framme oppå der, og då dei kom på, i eit blått lys, hadde me klappa relativt entusiastisk, sjølv om me ikkje kjende første songen, og ikkje den andre heller, nummer tre  var òg ukjend, og då hadde stemninga dala til eit lågmål oppe hjå oss, og særleg hjå meg.

Og så kom Alice. Ikkje who the fuck is Alice, sjølv om det òg var eit betimeleg spørsmål. Eg kan heile Alice, og akkurat i kveld kan eg den betre enn ypperstepresten sjølv. Skam på deg, Andrew Eldritch.

Eg går ner, for å hørra om lyden e bedre der nere, e det någen som blir med? Det er ingen som vil det. for dei tykkjer det er så jæveleg deilig å sitja der oppe, og kva om vi ikkje kjem inn igjen? Eg skrevar meg forbi ei i rullestol, og ut døra, og får eit stempel av ein tryggleiksoffiser, og går ut i Oslokvelden, der eg røykjer og klagar til denne Bergensaren som eg aldri har sett før,

Eg går inn igjen, og i salen er lyden marginalt betre enn oppe, Eg tek djupe slurkar øl og snøftar for meg sjølv då dei kjem på for ekstranummer for andre gang.

Og så er det heldigvis slutt, og me ranglar ut i Oslonatta, og nokon tykkjer det er ein god plan med karaoke, men heldigvis er den dei veit om enten lagt ner eller flytta.

Og det er fint å segla rundt her, på løkka eller kva det heiter, med Flanellskjortemannen og Oleander og Sverre.

Mother Russia var bra, da!, seier Flanellskjortemannen. Men den er eg hundre prosent sikker på at dei ikkje spela.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta