Som tåg av längtan



Det står på paaskeharen.blogspot at sida ikkje er sikker, og det betyr nok at ho kan innehalda pornografi eller eksplisitt vald eller umoral, men det trur eg ikkje ein kan finna så mykje av. Kanskje litt av det siste.

Eg har ikkje blogga sidan mai, og det kjennes kanhende litt som katolikkar kjenner det når dei ikkje har skrifta på sju longe og breie.

Katolikkane går vel ellers mot nok eit dårleg år på verdbasis, med så monge skraper i lakken at det kan væra vanskeleg å få auge på originalfargen. 

I mitt stille sinn tenkjer eg legg ned driten, men innser at det er ein nokså harry ting å seia, og at det er lettare sagt enn gjort. Sjølv om ein meiner det. 

Dette her er deprimerande lesing om den katolske kyrkja. For ei suppe.


Kva anna har skjedd sidan mai? Jo, me har hatt to konsertar med Skyggebror, vorte eit band vil eg mest seia. Og eg er priviligert som får vera med i eit kollektiv med så flinke musikarar og gode folk.

Og for min del så hadde eg ikkje sunge for folk sidan Desember 2019. 

Dersom Skyggebror er ein båt, så har me bygd han og prepartert han for sjøsetjing, utstyrt han med segl og årer, og ein dregg, og 1. Juli 2021 sette me han på sjøen. Han flaut fint, og folk lytta velviljug og det var godt å segla då. 

Det er rart å synga sine eigne tekstar på norsk, men det kjennest rett.

Ellers så er det jo ferie for monge, vaksinerte som uvaksinerte, tvilarar, truande, skuleelevar, fattige og rike. Me har hatt nokre dagar i Oslo. Det var varmt og gildt og gjestfritt og meg såg beggje semifinalane, og gutane sovna framom fjernsynet under Danmark - England.

Og aldri om eg hadde trudd at Holmlia skulle vera ei slik grøn lunge.

Den eine dagen gjekk me til stranda, og det går ei gongbru over E6, og alle fem ungane storma ut på den medan dei oppeldna passerande trailarar til å tuta med å løfta høgre armen rett opp og dra han ned som på ei togfløyte. 

Det vart fløyta over ein låg sko, til  særleg ungane sin elleville glede. Og ungar, ja. Ungar som finn einannan, som ler og spelar saman, plaska etter gummibåtar. Hoppar i vatnet, et is, tullar og ler. Ungar i Tusenfryd på karusellar eller i radiobilar. Vaksne som fylte år. Vaksne som måtte gå med ein nokså fjollete hatt med påskrifta Happy Birthday på.

Eg såg ut som ein førstereisgut til Roskildefestivalen, berre dobbelt så gamal. Minst. Og halvparten så nøgd.

Ellers er det ikkje så mykje å skriva heim om. Eg har grove opp nokre stubbar i hagen. Den eine var rota til ein svær kristtorn. Røtene gjekk så djupt at eg laut bala i mange timar før han laut gje seg. Eg fylte 3 sekkar jord og ein sekk sand oppi holet, sådde dualeg med plenfrøblanding frå 2017 over, og til slutt sette eg opp eit heimelage, kunstferdig gjerde kring det heile, og medan eg haldt på med det, kom katten styrtande og heiv seg inn i alt det nysådde. 

Dagen etter hadde katten omdisponert til latrine. Noko for noko.

Og så har eg jobba ei veke, og så skal eg jobbe ei til, og så skal eg ha 3 veker ferie. Eg har den gleda å ha nevøen min på opplæring på jobb. Hans første sommarjobb, og han hadde nok litt sommarfuglar, og det hadde eg med, for ein veit aldri korleis det vert.

Han har vore strålande. Positiv, nysgjerrig og inkluderande, og han har ikkje klaga på at han måtte støvsuga i monge timar, eller skufle korn. Og i veka som var fekk han sin første lønnsslipp.

Velkomen til arbeidslivet. Det kan fort gå godt, dette her.

Javel. Det var i grunnen alt eg hadde. Eg bør oppdatera oftare. Takk for merksemda, og framleis god sommar!






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta