Hei, Morten P

For ei tid tilbake vart Ole Gunnar Solskjær ansett som trenar i Manchester United - 'verdas største og beste fotballklubb' - i følgje nokon - og særleg norske journalistar var heilt i frå seg over kor fantastisk dette var. Større eufori og sportsnasjonalisme har ein knapt sett sidan 1994, under OL på Lillehammer og We kill Whales for fun and greenpeacers and what not.
At det vert mersemd kring ein slik jobb er ikkje unaturleg. At Manchester United dobla medlemstala sine i Noreg, og flybillettane til Manchester vart rivne vekk på kort tid var så si sak. irriterande for alle nordmenn som støtta naboklubben, sjølvsagt, som reiser til same flyplass for å sjå sitt lag, og må konkurrera om billettane.
At det vert skrive ein del er heller ikkje unaturleg. Det er friviljug å lesa norsk sportsjournalistikk. Han er ikkje særleg god heller. Dei av oss som beherskar engelsk sånn nokonlunde finn det me treng andre stader. Så longt alt vel.
Det som eg ikkje tykkjer er greit er når slike 'sportsjournalistar' som Morten P forlangar at slike som meg skal glede oss med han når Solskjær får jobben, at han stemplar oss som ikkje gjer det som smålige av di me ikkje gleder oss over at han har ein god start.
https://www.dagbladet.no/sport/ole-gunnar-solskjaers-suksess-er-sa-viktig-for-manchester-united-at-folk-som-holder-med-andre-klubber-gar-i-svart/70602305
Eg unner ikkje Solskjær nokonting. Ingenting. Ikkje United heller. Eg kan lika kva eg vil, Eg tykkjer Solskjær var ok i Molde, ubrukeleg i Cardiff, og jammen om han ikkje ser ut til å vera halvgod i United ôg.
På Tysdag rauk United ut for Barca i Champions League, og det var vel fortent, og det skulle for faen berre mangle. Det var klasseforskjell. Kyr på travbanen.
Så i dag kom det ein ny journalistisk juvel frå Morten P, der han klagar på at skadefro supporterar som mislikte OGS og klubben til OGS og utspela til Morten P og haha og vel så det.
https://www.dagbladet.no/sport/solskjaer-taper-fotballkamper-hahaha-hosianna-i-det-hoye/70992206
Dei har spamma ned mailen hans med meldingar om at han ikkje har peiling. Eg er sikker på at mange har gått over den berømte streken.
La dette vera klinkande klart: Eg tek avstand frå all personsjikane og alle trugsmål, sjølv mot mindre gode sportsjournalistar som heilt tydeleg ikkje skjønar kva supporterkultur går ut på.
Men ikkje fortell meg kven eg skal lika, Og ikkje stemple alle dine meiningsmotstanderar som nettroll. Og ein ting til: Om ein er Norsk så treng ein ikkje halde med Sverige og Danmark dersom det er idrettstevlingar. Ein treng ikkje halde med Noreg ein gong.
Eg tykkjer du skal få seie kva du vil, eller skrive - men då må du forvente at folk svarer dersom dei er ueinige - det er slik dynamikken bør vera i eit offentleg ordskifte.
Og litt skadefryd har aldri teke livet av nokon.
God påske!







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta