Småsurt

Dei kjøpte eit oppussingsobjekt, ei leilighet i fjerde etasje, utan eigentleg å forstå rekkevidda av det. Oppussingsobjekt. Smak på ordet.
Ein bustad er ikkje berre ein stad der du bur, der det er ei seng, eit bad, eit kjøkken med greier i skåpa. Ein sofa og eit fjernsyn.
Ikkje i 2006, og ikkje i 2018.
Eg veit ikkje kvifor eg kom på dette no. kan hende det kjem av at vi får Aftenbladet i papirutgåve i helgene, og kvar Fredag eller Laurdag har dei eit eige bilag som heiter BO, som går på trendar innan imteriør, og så er det ofte eit ungt par som har pussa opp noko eller bygd noko, eller på anna vis erverva seg boligdrømmen.
Eg trur at Aftenbladet skriv så mykje om desse tinga av di dei trur at leserane vært inspirerte av dei spektakulære stovene, og dei heilt abnormt store vindaugsflatene, og havet og himmelen som liksom alltid er tett på. Men eg er jo ein lesar av Aftenbladet, og eg vert ikkje så inspirert. Eg brukar ikkje å lesa det ein gong. Hadde eg hatt dei 15-20 millionane som det sansynlegvis kostar å følga boligdrømmen, så kan det hende at eg hadde tenkt på ein annan måte. Men aller helst kunne eg tenkt meg at dei hadde stappa heile bilaget inn i...
.. magasinet 'vi i villa'. For meg er det - eg veit ikkje - litt kvalmt med heile greia - ein boltreplass for dei som har litt for mykje.
Ein lokal variant av Herskapeleg Med Toppen Bech. Eller er det Beck?
Før i tida - då eg var relativt ung - bruka eg å kjøpa Dagbladet på meir eller mindre jamnleg basis - det hadde eg eigentleg ikkje råd til, men det er ikkje poenget her - kvar Måndag var det eit sportsbilag som eg heiv i søpla utan å lesa eit ord av kva som sto.
I dag ville eg nok ha bladd i det for å sjå om det sto noko om Liverpool, så kanskje om 20 år - vil eg sjå vitsen med dette og.
Eller om 20 år så er eg mest 70, så då gjev eg kan hende faen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta