jeger dvergbøy og staden gud gløymde. 1

Det er 1988.
Eg sit i eit Herkules troppetransport-fly.
Det er September eller Oktober. Me har mellomlanda på Andøya. Eg sit med ryggen mot flyets yttervegg. Vendt mot midten av flyet
 Rundt meg, og mot meg i heile flyet - i dei hengekøye-aktige seta - sit slike som meg. Soldatar i uniform.
Meir eller mindre motiverte for å verne konge og fedreland mot sovjetunionen.
Rykta vil ha det til at Ivan i aust kan utrydda oss alle med ein einaste lang gjesp.
Eg ser Ikkje før me landar på Bardufoss flystasjon at snøen har farga fjelltoppane kvite. Det tek tid å tømma flyet. Me er hundrevis av grøne. Det tek tid å finna bagasjen sin. Ein stor blå bag (eg har bore oppimot 2 kassar øl i den bagen - på ein gong). Han har oransje bagasjelapp - surra fast med forsvarets standardiserte taustump på nøyaktig 15 centimeter.
Eg er betenkt.
Med rette, skal det visa seg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta