Berlinerboller

I 1990 var eg 20 år.
Eg budde i Årdal, og arbeidde som avløysar på full tid. Eg hadde vener, budde i hus for meg sjølv, og kjerast hadde eg òg.
Eg hadde et JVC stereoanlegg med CD-spelar, og to store, buldrande Jamo høgtalerar.
Når nokon spør meg kva som var første plata eg kjøpte, brukar eg å seie Wish you were here av Pink Floyd, men eg trur eg kjøpte Love songs Vol 2 den same gongen. Eternal flame, Toy soldiers. Klining i Volvoen. Tillaup til tafsing.
Eg kjøpte The Wall like etter.
Eg hang med Fjells Angels på denne tida. Gutane I Fjells var òg Pink Floyd-fans, og utanfor denne vesle isolerte dalen, med GEA og sandtaka og Handelslajet og lakseelva midt i Ryfylke, skjedde det store ting i 1990. Til dømes i Berlin, der Roger Waters skulle framføra heile sitt ikoniske album på Potzdamer Platz. Grosse greier. Sterkt symbolsk, sjølvsagt - sidan Berlinmuren vart riven året før.
Fjellsane hadde skaffa billettar. Om eg ville vera med? Sjølvsagt ville eg det.
Fire bondesøner. På busstur frå Oslo til Berlin.
Eg hugser ikkje namnet på turarrangøren. Det var ein god del fyll. Ein av oss hadde nyrestein og kunne dermed ikkje drikka så mykje. Ein var fullstendig uinterressert i musikk, og kunne dermed drikka desto meir. Og masa på han som ikkje kunne. Masa ein heil del.
Når eg tenkjer tilbake på denne turen, så er det ikkje utan at eg kjenner at eg vert raud i kinna på eigne vegne.
Og vi var ikkje ein gong dei verste.
Eg trur at bussen vår skulle gå den 19. Juli frå Oslo S. Igjennom Sverige og ei ferje på ein stad. Trur eg. Dassen som gjekk full etter berre nokre timar. The Wall og Radio Kaos på VHS'en.


Det var nokre akter på grensa inn til Aust Tyskland, det vart ikkje løyst skot. Eg fekk stempel i passet, men detaljane kring det er vage.
Me tok inn på hotel i Aust-Berlin, sikkert av høg DDR-standard. Meir enn høg nok for klientellet på bussane våre.
Me hadde ein felles middag, der festen var gått over styr for lenge sidan. Det eine bordet vart løfta ein halv meter over golvet og sluppe rett ned igjen, så det skrangla i glas og tallerkar, og høflege og forskrekka servitørar skvatt mellom borda, totalt ute av stand til å handtera situasjonen.
Ein åt treretters middag to stader på ein gong, pendla mellom to sitjeplassar. Eit sjarmtroll frå hovudstaden.
Mitt favorittminne frå seansen er frå vårt eige bord. Han som ikkje brydde seg om musikk hadde gomla seg igjennom dei to første rettane, og ete alt tilbehøret til hovudretten, salaten og pommes friten, og no såg han fram til å nyta ein stor kladeis storfekjøt med Bernaisesaus. Men akkurat då han skulle setja gaffelen i han, var det ein annan som kom han i forkjøpet og eg byrjar enno å le når eg tenkjer på blikket til han som vart lurt, og det nytande smilet til han som som gomla kjøtet i seg.
Me andre låg flate over bordet i herleg, skadefro lått.
Konsertdagen kan eg hugsa som i ei skodd, at me går og går i ei gate som heiter Unter den Linden, og me er fulle enno, og gata har tilsynelatande ingen ende - før me  i lag med mange tusen andre - endar opp på ein stor plass, inhylla i ein søtleg eim av Nordafrikansk jordbruksprodukt.
Det går eit sus av forventning igjennom publikum. Det er vansinnig, genial gigantomani store gjesteartistar, Scorpions, Sinead, Joni Mitchell, men det er Waters som er kongen. Det vert bygd ein enorm mur i laupet av konserten, han vert rasa i sluttscenen. Det er enormt. Nesten for mykje å ta inn for ein 20-åring. Etter konserten driv vi rundt i Berlin, saman med 200 000 andre, på jakt etter ein restaurant.
Vi endar opp i baren på hotellet. I ein fektescene stikk eg eit sugerøyr i øyret på ein av kompisane mine. Det gjet vondt. (Doktoren på Hjelmeland slår seinare fast at det er hol på trommehinna, kva  er oddsen? Eg skjems meg i hel).
Oglå mi hovnar opp slik at eg mest Ikkje kan gå på foten. Enkelte i selskapet kjenner seg spana på av Stasi. På alvor.
Då vi skal reisa heim må turguiden ropa opp alle dei ubetalte minibar-rekningane, det er ille. Det er jubel i bussen - høgare rekning - meir jubel.
Det er ein som har fått juling. Rykta skal ha det til at han har ropa Heil Hitler til nokon lokale.
På vegen heim er det ein av oss som spyr over ein av dei andre. Ein av dei er meg.
Vi vert tørka av av guiden. Vi klarar ikkje sjølv Buss-sjåføren trugar på eit tidspunkt med å forlate skuta. Det er visst noko med ein vits som er for grov. Han let seg overtale til å fortsetje til slutt.
Me kjem oss heim til Årdal.
I god tid før andreslåtten.





Kommentarer

Anonym sa…
Den første plata di var In The navy med Village People. Den andre var The kids, Forelska i læreren. Ellers ingen innsigelser :-)
Anonym sa…
Du reknar framleis ikkje kassettar som ein del av platesamlinga, ser eg. Dårleg gjort mot Kenny Rogers og Skeeter Davies og Bobby Bare. Elles kan eg ikkje skjøna eg ikkje blei med på den turen.
Anonym sa…
Country-kasettane var mor sine, trur eg. Men han hadde I sant to know what love is... Med...Foreigner?
paaskeharen sa…
Mykje herleg frekking her.
Unknown sa…
Klassisk reiseskildring Østen. Når buss sjåføren forlater skuta har det dratt seg godt til. Jeg hadde en buss sjåfør i nabo kåken så sa at nå var det faen meg nok, han kom aldri tilbake til bussen og der satt gjengen til de hadde fått ansatt en ny sjåfør :)
Gummislangen sa…
Det med trommehinnå til vår venn - det var ganske så tilfeldig kem som traff "blink", og eg har trudd det var ein anna bondesønn som gjorde dette. Hørselen er like god i dag:-) Me var navive guttar på tur. Herlig i grunnen! Eg ler fremdeles når eg tenkjer på dette! Takk for at du delte, helsing han med nyresteinen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta