Vitnesbyrd frå ein ex-kriminell




Ei av dei største syndene eg har på cven er at eg har ei fortid som pelsdyroppdrettar. Det å nevna dette for nokon i sosiale samanhengar, når eg heng med venene mine - dei som er ektefødde byasar - og derfor har store og varme hjarta som bankar for alle dyr i kongeriket (og særleg dei som er fine å sjå på), det er ikkje noko eg brukar å gjera. For eg kjenner på ei skam, eller eit stigma, eller eg veit ikkje kva eg skulle ha sagt. Det bare blidde sånn. Eg har ein fot i kvar leir, og kjenner at eg kan forskreva meg.

Far og eg kjøpte 10 sølvrevtisper i 1984. 5 av Norleiv og 5 av ein pelsdyrbonde på Tuntland. Me sette opp eit skur med utsikt over Tjødnå, langt frå folk, men ikkje lenger enn at det vanka klager på vond lukt allereie etter eit par veker. Det var min jobb å fôra om ettermiddagen, og to gonger i veka kom det fôr frå Sirevåg med ein liten oransj tankbil. Han pumpa ut 5 og 5 kilo igjennom ein brei slange, ein seig, brun graut som lukta fisk, og som eg kjørte ned til skuret i skuffa på Masseyen, saman med vatn. Eg var jo vand med dyr frå før, men desse svarte, smygande skapningane som glodde mistenksamt på meg med brune auger frå bura sine, dei var heilt annleis enn dei andre. Dei var liksom innhylla i ein mystisk aura.

Det var lite arbeid med revane, det var berre å skrapa vekk matrestar frå førre malted, og leggja ei ny skei med brun guffe opp i eta, og fylla vatn i drikkekara, og så var det å gå heim igjen.
Når det nærma seg kvelping var det annleis, me sette kvelpekassar oppi bura, og der låg revetispene med nasen ut, og hvis det peip inni, så var det komne kvelpar, og etter som tida gjekk, kom dei ut av kassane, og dei labba på ustøe føter rundt i bura, og var noko av det finaste eg nokongong hadde sett.


Eg tenkte I grunnen aldri tanken på at me var dyremishandlerar, at dei hadde det trongt - særleg når dei vart store nok til å stå ein og ein - det kunne eg jo sjå, men dei sto ikkje trongare enn - tildømes slaktegris eller høns, eller sauene i lemming.


For sjøl om dei var annleis, så var dei produksjonsdyr. Hadde dei vorte torturerte eller svelte ut, så hadde dei ikkje fått kvelpar.
Første gong eg tok livet av ein rev - før pelsinga - det var vel relativt traumatisk for meg. Ein pigg inn i raua, nasen borti ein boks, kroppen som spende seg i ein boge når kortslutninga var eit faktum. Dei varme revekroppane som vart lagde i ein haug etterpå. Var det mishandling? Eg veit ikkje. Det eg veit er at ingen av dei pelsdyrfarmarane som var i miljøet den gongen var sadistar eller dyremishandlerar. Det var folk som livnæra seg på fullt lovleg, og ærleg vis. Ofte var det dei frå dei mindre gardane, der det ikkje var vidder som gjorde det mogleg å leve av konvensjonelt jordbruk aleine. Eg kjenner meg ikkje igjen i beskrivelsar som vert lagde fram I media, desse enorme farmane, der enkeltindividet druknar i mengden. Dei samarbeidde godt, og hjelpte kvarandre i pelsinga. Det er klart det ser grotesk ut med reveskrottar lødd oppå ein annan i tønner. Det tykte eg då, og det tykkjer eg no. Og me kan diskutere det med plassen og kor naturleg det er å bu i bur. Men det som er fakta er at menneskja alltid har livnæra seg av dyr. Ete kjøtet deira, og brukt skinnet deira som klede. Og så har me avla. Halde til fange. Slakta. Og kunnskapen og fokuset på dyrevelferd har auka. Og det er sjølsagt på sin plass, men debatten er altfor kjenslestyrt, og når dyrevernerar er blinde og døve for motargument, for målet er å forby pelsdyravl.
Og vel eg å ta opp tråden på fest, så er det visst eg som veit minst. For referanserammene til dei varmhjarta er ein dokumentar, som ikkje er ein dokumentar, men ein propagandafilm laga av politiske aktivistar. Klyppa og limt saman igjennom eit år. Dersom eg hadde vorte filma igjennom eit heilt år, til dømes i høve til korleis eg har det saman med ungane - luka ut alle dei gode stundene - og filma når eg var streng og oppgidd og nådelaus og urimeleg, så hadde det ikkje vorte noko vakkert syn.
Kanskje hadde eg havna i fengsel, eller blitt fråteke omsorga.
Kanskje nokon ville argumentera for at eg skulle avviklas.

Kommentarer

Anonym sa…
Bra post. Det er ofte dei som skrik høgast som veit minst. Er sjølv ex.pelsoppdretter som nå kan sjå meir nyansert på næringen.
vh Lars 47m

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta