Innlegg

Viser innlegg fra september, 2024

Halvblodsprinsen, Øgleguden, Monarkiet

Kvart nyttår brukar me å sitja på kjøkkenet til the Beelzebubs og høyra på talen til kongen. Kongen virkar til å vera ein klok og empatisk mann til konge å vera. Han er kongen til muslimane og til uteliggjarane, til dei streite og til dei homofile, til dei som eig mykje og til dei som eig mest ingenting.  Det er ikkje ulikt Jesus, tenkjer eg. Berre i aldrande utgåve med litt dårleg diksjon, men samlande. I alle høve i ord.  Historikken til absolutt alle kongedøme er prega av maktkamp, innavl, horeri, meiningslaus vald og stormannsgalskap. Lite naudsynte invasjonar og nådelaus undertrykking av folk. Brutal innkrevjing av skatt og avgifter. Det liknar på den katolske kyrkja, kanskje med eit marginalt mindre innslag av pedofili. I mi verd er monarkiet lite anna enn ein pervers odelsrett, berre så det er sagt. Det er tullete og tilfeldig og urettvist, båe for monarkane og for oss undersåttane. Eg må verkeleg ta meg på tak for å ikkje skriva noko injurierande om til dømes prinsessa...

Kjellandforedraget, Kapittel 2024

 Det er kapittelfestival i Stavanger, og i år sørga eg for å ikkje ha kornvakt akkurat denne veka. Det var nokså smart av meg, om eg må få vera så fri. Torsdagen var Rållså og eg på Kiellandforedraget på Sølvberget, heile Kinosal 1 var full, og oppe på galleriet sat vi og såg Tom Hetland introdusera sjølvaste Kjartan Fløgstad frå Sauda og Ryfylke. Temaet for Kjellandforedraget er alltid kvifor er litteratur viktig , sjølv om den aldrande diktarhøvdingen og arbeidarklasseforsvararen aldri faktisk brukte dei orda. Han knytta Kjelland saman med Edouard Louis, Thomas Korsgaard og J.D Vance - i ein sylkvass analyse av kva bane verdssamfunnet bevegar seg i om dagen. Kort fortalt: dei tre siste der (to forfattarar og ein visepresidentkandidat) har alle røter i underklassen/arbeidarklassen. I sine bøker fortel dei om kor forferdeleg det er der, dei er knapt folk, dei som er i underklassen, og dei skildrar kor godt det er å koma vekk frå det, og dei lovprisar det individuelle - for Vance si...

Dagane

 Når ein har blogga i 18 år, så kan det vera vanskeleg å finna nye ting å skriva om. I alle høve slike som andre kan ha ei form for glede av å lese. Eg trur diverre òg at det enorme konsumet av underhaldning, alt frå kattevideoar på instagram, til lydbøker og podcastar og gode og halvdårlege seriar på ymse strømmetjenestar har skapt ein kontinuerleg støy i hovudet, og at denne støyen bidreg til at det er vanskelegare å ta fram ei eller fleire brokker ved livet og UNDRA seg, finna attende til si eiga røyst. Excuses, excuses. Tema som kunne ha vore skrive om, men som av ulike årsaker ikkje VART skrive om: 1: Den delen av sommarferien me tok i Danmark (som var veldig fin!) 2: Oppussing av bad og tilhøyrande herlegheiter 3: Hardcorepønkebandet til sonen 4: Min e to band, slepp av nye songar, øvingar fram mot konsertdatoar 5; The Donald 6: Laust og fast frå hamsterhjulet 7: Den neste Skyggbror-songen som er i støypeskeia: Trønderstruck, (me har sjukt gode idear for den songen),