Når det røyner på - Lars Lillo Stenberg om Nini Stoltenberg

 Eg har akkurat høyrt Lars Lillo Stenberg si bok om Nini Stoltenberg på lydbok, Det er ei litt rar bok, delvis basert på eigne erindringar, på samtalar med andre som kjende henne, og på nokre opptak som finns av henne på fjernsyn.

Livstrådane til Lars og Nini kryssar kvarandre igjennom heile forteljinga, det er heilt klare parallellar, frå Oslo vest, frå Steinerskulen, via ungdomsmiljø som er veldig frie i form, og foreldre som er kjærlege, men som frå ung alder ikkje set grenser for ungane sine.

Familien Stoltenberg er på monge måtar det næraste ein kjem til den Amerikanske Kennedy-klanen her i landet, kapable folk med mykje makt, med vilje til å ta ansvar, til å finna løysingar som skal ta denne, vår fortapte klode i rett retning. 

Dei vert skildra som inkluderande, fordomsfrie, kreative. Ekstremt eksponerte.

Kjærleiken dei imellom, og omsorga dei har for kvarandre er rørande, tykkjer eg. Eg likar referansane til musikk, at Nini var med på å booka den første New Order- konserten i Oslo, at ho dansa på scenen med Bruce Springsteen i Drammenshallen i 82. Heilt i byrjinga av boka då Stenberg skildrar då han og ein kompis som 14åringar kjem til det Stoltenbergske sommarparadiset utanfor Sandefjord, og vert møtt av ei samling steine tenåringsjenter som lyttar til Leonard Cohen på stereoen.

Stenberg sin raude tråd er jakta på korleis ei så ressurssterk dame kunne enda opp på ein så totalt forskjellig plass på samfunnsstigen enn dei andre i familien hennar.

Som han seier sjølv, så er det Torvald Stoltenberg som har gjeve han oppdraget. Torvald vil ikkje diktera innhaldet, men ønskjer at fleire enn han skal hugse yngstedottera som noko meir enn "Ho der narkomane Stoltenbergdama".  Han klarer det. Eg likar henne godt slik ho vert beskrive, høyrer enno lyden av henne medan ho ramlar ned trappene, heilt til botn på den sosiale rangstigen. Frå det øvste trinnet,.

At Ninni Stoltenberg og har bidrege til eit meir nyansert syn på rusmisbrukarar kan det ikkje væra nokon tvil om.

Sjølv om eg har glede av å høyre Lars Lillo Stenberg lese frå si eiga bok, og at det er mykje her å grunna på, og nokre verkeleg gode anekdoter, så tykkjer eg ikkje at det er ei veldig god bok. Det er så monge han snakkar med, som lyser Nini Stoltenberg opp frå så monge vinklar, at det vert litt rotete å følgja med på.

Og så er det rart då, at Jens Stoltenberg sat på natta og vakta over den sjuke søstera si medan han las politiske dokument. Då hadde han ministerpost.

Og så er det rørande kor nære kvarandre denne familien er når det røyner på. 






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta