Kva las du no

 Eg har alltid vore eit lesande menneske.

Heilt sidan eg knekte koden for korleis ein skulle tyda desse merkelege krusedullane, setja dei saman til ord som ga meir eller mindre meining, som trigga draumar og skapte ein stor, åpen himmel over tilværet, tok meg med på reise, til Andeby via Donald Duck & co, til sydhavsøyar og asiatiske steppelandskap med Tsarens Kurèr, med Mark Teain til Amerikanske småbyar langs breidda av Missisippi, uendeleg longt vekk frå guterommet oppunder taket på Randøy.

Det er ikkje for alle det der med lesing, men dei aller fleste likar historier, eller å verta lesne for. Eg får bilete i hovudet frå då norsklæraren på ungdomsskulen, som hadde verdas mest utakksame jobb - plukka fram ei bok - eg trur det var Hells Angel - sjølvbiografien til Sonny Badger. Dei gutane - som i kvar time, kvart sekund demonstrerte si forakt for det norske skulevesenet generelt, og Hjelmeland ungdomsskule spesielt - dei haldt kjeft og følgde spent med etterkvart som om forteljinga skreid fram.

Hjå mormor på Malm var det ein kassetspelar - oldschool mono - og stundom lånte mormor lydbøker til morfar, som var blind, og ellers berre kunne lesa med fingrane. Augo hans var oftast gøymde bak store, mørke solbriller, men eg hadde sett dei av, det var berre to gråkvite, flytande krater der. Møbelsnikkaren hadde gjeve opp snekringa etter at synet vart teke frå han.

Eg bruka å låna kassetspelaren, og i åtte-niårsalderen vart eg eksponert for fenomenet lydbok for fyrste gong. Eg tykte det var genialt, og eit bra supplement til Sølvpilen og dei gamle cowboybøkene som stod igjen etter mor, som òg vart lesne fleire gonger.

I vinter rauk eg på ein prøveperiode med lydbokappen Storytel. Det har vore ein ubetinga suksess. Eg utfører mykje monotont og einsformig arbeid, eg syklar og går (relativt) mykje.

Eg las båe Søsterklokkene og Hekneveven av Lars Mytting kort tid etter at dei kom ut, og då siste del kom ut no like før jul, kunne eg høyra desse bøkene på lydbok, lese av forfattaren sjølv, på herleg Gudbrandsdalsdialekt, før eg rauk på Skråpånatta i fysisk versjon.

Storytel gjer at eg ser mindre skjerm og halvtrasha seriar og sosiale medier, eg kan lesa fysisk (og psykisk, neidå), parallelt med at eg høyrer lydboka. Eg kan høyra klassikarar som eg har lese før på ny (då blir det som å besøkja gamle vener i rom med døra på gløtt. Dessutan treng eg ikkje konsentrera meg så mykje då, og eg veit kvar i historia eg er (i fall eg sovner eller dett ut på anna vis).

Sidan eg fekk appen rett over jul har eg høyrt denne herlege gjengen med bøker:

På vegne av Venner - Kristopher Schau

Jeg Grunnla de forente stater - Hilde Susan Jægtnes (parallelt med fysisk bok)

Danelovs Land - Bjørn Andreas Bull-Hansen

Søsterklokkene - Lars Mytting (andre gong)

Hekneveven  -  Lars Mytting (andre gong)

Den Siste Revejakta - Ingvar Ambjørnsen (lese før)

Hvite Niggere  - Ingvar Ambjørnsen (lese før)

Leila Slimani - De andres land

Den siste boka der, skal eg seia noko om seinare. Båe boka og dama. 

Det er varierande kor  godt dei som les matchar teksten, sjølvsagt. Myttings tolking av eigne bøker og Petronella Barker si tolking av Slimani er i ein klasse for seg.

Godt nyttår, forresten! Plutseleg attende ved eit seinare høve.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta