Tale for 3 fine folk

 


Eg skal ikkje seia så mykje.
Eg vil takka for at me blei inviterte til årets begivenhet 3X 50, tre brødre som ikkje er brødre.
Eg har kjent alle: Jon Eirik, Alf og Rino sidan nittitalet.
Eg blei først kjent med Jon Eirik. Det må ha vore i 1994, i kjellaren til Tommy i Alsvik, der eg akkurat hadde blitt vokalist i The Morendoes.
Eg ska vera ærlig - akkurat på denne tida så dømte eg folk ein del etter utseende (det var før eg blei den flotte og åpne og inkluderande og fordomsfrie fyren eg er i dag.
Førsteinntrykket eg fekk av Jon Eirik var litt skuffande, eg syns an såg jysla streit ut.
Og sjelden har vel nokon tatt så feil. Eg fant nokså fort ut at han likte både fest OG basar, og bingo, for dei som huske den legendariske festen i Sandeidgadå monge år seinare.
Og eg likte og det, og det va kjekt, for å sei det mildt, det va ofta over fartsgrensa, og mykje av det som skjedde in the nineties og på førstee del av totusentalet, mykje av det kviler godt der det er, og egnar seg dårlig framme i lyset. 25- 30 år seinare.
Eg vil likevel trekka fram ein episode: Jon Eirik har - så lenge eg har kjent han alltid vore ein karaokeentusiast, og sidan eg likte - og like ekstremt godt å henga med Jon Eirik, så var eg med på det meste - det kan vel ha vore rundt årtusenskiftet, og me hadde reist te byen, og det var berre to plasser dei haldt på med slikt, den eine var Korvetten, og den andre plassen heitte Nilsen & Wold. det var ein søndag, trur eg - me var godt i gassen, hadde sprit på indrelommen og innforbi vesten, og det var ikkje så mange folk, klientellet var ein blanding av yngre jenter - som hadde øvd og var pretensiøse, og ville verte oppdaga - og sånne som bare ville sjunga, og dreit i korleis det hørtes ut, og mange av dei hadde og hatt ei øl eller to, sånn som oss.
Jon Eirik hang over menyen og signa oss opp for den eine songen etter den andre, og verten begynte å bli litt irritert for at me ikkje slapp andre til, og på ett eller anna vis gjorde me oss til sensorar for andre som sang, det var fliser på golvet - store keramikkfliser i rutemønster, og viss ein trødde litt hardt på eit bestemt punkt, så kunne ein slå ut heile karaokemaskinen. Blei det kjedelig eller for dårlig det som kom ut av høgtalarane var kodeordet BONDE TE G7! Og så hoppa eg på punktet, og det blei heilt stilt, bortsett fra frå oss, som lo og kosa oss, og etter at bonden hadde hoppa på G7 tre gonger fekk me beskjed om å gå. Vakten på Nilsen blei dessutan Moona av Jon Eirik ein gong me blei nekta adgang.
Eg sa at eg var nokså fordomsfull på nittiatalet (i motsetning til nå), eg hugser og godt førstete gong eg traff Rino. Han likte eg med ein gong, for han hadde longt hår og skjegg, og rutete skjorter, og røykte original og tiedemanns gul. Og det var i Kongsteinsgata, et steinkast frå Martinique, der eg budde samen med Tveiden, og ho stakkars dama som leigde ut den plassen - ho som kom frå Eritrea - og som levde med fest i kjellaren 3-4 dagar i veka i ti år. Det var Helen som var på visning for meg og Kjetil, hugsar eg, og ho som leigde ut trudde nok at det va denne koseliga jenta som skulle bu der og, og ikkje to nokså utagerande mannfolk med stort stereoanlegg og stor og brokete vennekrets.
Det var Helen som kom dragande med Rino og - hu hadde funne han i Volda - han passa godt inn med oss frå Ryfylke.
Han var (og er) både lun og likte å drikka øl, sjølv om det var nokon justeringar til å byrja med: Som då han fletta inn i ein diskusjon at han faktisk var tremenningen til Ronny Johnsen - (Ronny Johnsen va midtstoppar med suksess i Manchester United og på landslaget).
Han fekk lite kred for det blant dei som satt samla rundt fjernsynet, for ganske snart kunne Roar opplysa at HAN var søskenbarnet til BRILLO.
Ein aen gong sa Rino at Jim Morrison va oppskrytte.

Alf blei eg og kjent med igjennom Jon Eirik, og  fysste gongen HAN va innom i Kongsteinsgadå, bladde han igjennom CD- platene mine, som besto for ein store del av grunge og blues og någe syttitalsrock, Creedence, The Eagles alt av The Doors og Pink Floyd, og så hadde eg ei plada med ein bluesrockar som hette Delbert Mc Clinton, og Alf stoppa ved den og ropte ut sin avsky: NEVER BIN ROCKED ENOUGH! HÆÆÆÆRREEGUUD!
Me trengte år på å få eit normalt forhold etter dette. Hadde eg funne den plata på vinyl, så hadde eg kjøpt henne til deg, Alf! for den er faktisk ikkje så verst!

Eg er ikkje heilt ferdig med Jon Eirik - han ga meg ein gang sparken som vokalist i Morendoes, og det veit eg ikkje om eg nokon gong kjem over, sjølv om eg vart spurt om å væra med igjen ei stund etterpå.
Og sa ja.
Jon Eirik e løyen og musikalske og kreative, han har et sinnsjukt turtal, som eg ofte misunner han. Kvar gong han har vore klar med ein plateutgiving, så har det sammenfalt med at Vibeke har fått baby, så eg er nokså spent nå, som ei ny plate er i trykken, på om det e noko dykk ikkje har fortalt oss.

Te slutt vil eg sei at dykk alle tre er gode folk, som sjonglerer jobbar og hus og bikkjer og bilar og fotballtreningar og håndballtreningar og verv i korpset og kåner og kompisar, og familiar og lite visste vel nokon av oss om at det er dette som er sjølve livet.
Men herregud så kjekt med fest, fine fine folk!

Skål for Alf, for Rino, og for Jon Eirik!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta