Aktuell Rapport

 Ingen er så kjent på Stokka

Sånn som Endrasen og Pappa

Kan du tro det?

Kan du se det?

De vet øvre

De vet nedre


Det må me vel sei e 9,5 av 10, Pappa!

Det er Endre som seier det, som oftast på mitt lag, enn så lenge, den finingen.

Me sit i lånt bil, lånt av Storhaugdegosen.

Me svinger av mot Nedre Stokka for tredje gong. Me var her på torsdag for å sjå på hagemøbler, for fem minutt sidan for å hente dei same hagemøblene, og no - for å hente putene som me gløymde då me var her for fem minutt sidan.

Ellers kan ein med stor sikkerheit seie at dette er det einaste eg har skrive på rim på aldri den tid, heile sommaren i alle høve. Syng han gjerne til melodien av 'Ingen er så trygg i fare'.

Teksten er femti prosent rålls, femti prosent sjølvironi, og femti prosent feil. Me veit ingenting om Øvre Stokka.

Me har vore to veker på Randøy, med 10 dagar regn, lågterskel ferie. Bøker og filmar og  xbox og gamle bilete. Gildt besøk frå the Steinstøs. Ein oppvasmaskin som ikkje virka. 

Siste veka har me vore heime på Tjensvoll og freista å ta igjen det forsømde hagearbeidet. Plenar og hekkar, maling av terassar ettter bod frå buretttslaget. Og på søndag er det fjortisfødselsdag, type dobbel, så det er nok å ta tak i for den som vil eller må.

Ja, og så var eg i Dagobert sin fødselsdag førre helg, og det var god stemning, som ein seier, med mogleg trekk for at eg mysta kontroll over musikken etter ein tre kvarters tid, og Nick Cave, Tom Waits PJ Harvey og Neko Case vart brutalt bytta ut med Luxus Leverpostei og ymse baktung dansebandkøntri med lokalt snitt. Utan at det såg ut til å plaga nokon andre enn meg. Kanskje tvert om, tilogmed,

Liger du ikke kånntri?

Jo, eg elske køntri, men ikkje sånt ræl som dette her.

Nåja. Eg hadde det kjekt, og det trur eg alle andre òg hadde.

Vart òg gjort merksam på at eg hadde bestilt togsete i familievogna heim på returen. Det vil eg på ingen måte anbefala, for der var det nokså hektisk stemning og grining og kjefting og sugling og tomme tutteflasker og store fedre i helsetrøye som breidde seg i stolane, og hadde eg ikkje hatt med meg noise cancelling - hovudtelefonane mine, så veit eg ikkje kva eg hadde gjort.

Ein varm takk til Arnstein. Igjen.

Gin rett frå flaska virka feil, så eg let det vera. Eg såg Brann- Viking på telefonen. Og brølte ved begge scoringane.

Eg har sett nokre Vikingkampar i det siste. Dei ser ut som eit skikkeleg godt lag. Det har vekka den slumrande medgongssupportaren i meg.

Og neste veke byrjar den forrektige fotballen.





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta