Dorullnissen

Berre for å parkera det skåpet: Eg har verdas beste jobb. Ein av. Og ein veldig bra familie. Og eit - om ikkje alt for spennande, så i alle høve - eit godt liv.
Sånn.
No kan eg skriva om ting som irriterar, som er ganske små, men likevel...
Foreldrerolla er mangslungen, og etterkvart som ungane veks til, så er det opplese og vedteke at ungar skal ha fritidsaktivitetar som gjer at dei får vener, eller finn noko dei likar å halda på med, at dei kjenner mestring og kan utvikla seg.

Her er ei liste over kva me har prøvd til no.

Knøttekor
Piano
Dans for gutar (2 gonger)
Jazzdans for jenter
Symjekurs - mange forskjellige
Riing
Handball
Koding
Drama
Teikning (2 gonger)

Alt dette har hatt eller har ein pris på eit eller anna plan. Ein ting er at det skal tilpassas livet ellers. At ein skal få tid til lekser og familiesamvære, tid til å eta, tid til å køyra og henta og så vidare.
Og så skal ein ha utstyr. Sko eller hjelm eller ball eller knebeskyttarar eller støvlar eller ei pumpe, eller draktar og hettegenserar, ridebukser og symjebriller og helst sin eigen PC.
Og så er det gjerne ein pris på aktiviteten, ein kontingent eller noko. Kursavgift.
Det er utruleg mange flinke og engasjerte og friviljuge menneskje som legg opp til og får gjennomført desse forskjellige aktivitetane.
Det er stas å sjå den gleda ungane viser når dei beherskar noko. Kjem ut. Kjempar. Blømer.
Eg veit at du sit og ventar på menet no. Og her kjem det:
Men faen i helvete - kva er  greia med dopapiret? 1500 kroner for at klubben skal tjena 350?
210 rullar? Som må kjøpast på førehand!
Og lodd! 750 kroner i lodd - som må kjøpast.
Lodda har me stort sett kvitta oss med, og noko av dopapiret og, og heldigvis har me plass til resten i kjellaren, så det er på ingen måte ei krise.
Eg veit ikkje kva som ligg i botn her - om det er eit prinsipp om likskap - at idrett ikkje skal kosta så mykje, men det vert skakt når ein må leggja ut tusenvis på førehand.

Og så er det ikkje alle som er født til å selja greier, store og små.
Og det vert litt som Ropstad seier: Greier du ein, så greier du to òg.
Og neste gong skal eg ikkje skriva om slike mikroskopiske ting. Eg skal skriva om noko som begeistrar meg. Utan ironi eller sarkasme av noko slag.
Trur eg.




.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta