Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2025

How does it feel?

Dotter mi Ingrid har i lengre tid vore på meg om at det kjem ein film om Bob Dylan, og om ho og eg kan gå og sjå den. Det var lett å seia ja, kjenna seg som utvald. Me har band i musikken, Ingrid og eg. Årsaka til at ho er så oppteken av akkurat denne filmen er at han som spelar hovudrolla er ein som ho skal gifta seg med, men som diverre er oppteken akkurat no, med ein Kardashian, som ho seier, utan at eg på førehand greier å plassera korkje skodespelaren eller kjærasten hans. Ho har gledd seg slik til denne filmen, at ho har høyrt seg opp på songane til Dylan, og rett som det er høyrer eg henne etterlikna gnauringa til songaren, How does it feel, syng ho med augo litt igjen, og eit lurt smil kring munnen. Ingrid hentar sin informasjon på Tik Tok og SNÆP, og kanskje Instagram, kva veit vel eg. Denne filmen, som heiter A complete unknown  hadde premiere over there i fjor alt. Dottera seier han har fått Oscar-nominasjonar. Eg har ikkje lese noko om han i norske nettaviser, dei venta...