Ruth Asawa i kunstmuseet. Det er monge ting eg ikkje veit
Stavanger kunstmuseum ved Mosvatnet - der var eg mykje då ungane var babyar. Eg trilla tvillingvogna eit par rundar eller berre ein, mens eg røykte som ein skorstein, og så bruka me å ha pitstop og middag på Kunstmuseet. Fiska dei ut av dunpåsane, og setja dei i kvar sin babystol. Varma middagsglasa i mikroen. Vaffel eller is til dessert. Byta bleiene på stellerommet, tørka snåtten. Gjekk i ring. Rundt meg sjølv. Ut på hjul igjen. Eg minnest ikkje om me mata endene. Eller korleis eg kommuniserte med dei. Antakeleg med små, tåpelege songar. Det gjer eg forsåvidt enno. Sjølve museet, ja. Det er jo eit nydeleg bygg, med ein glaskuppel, som ligg på ein nydeleg plass, og her ein laurdag hadde Rållså lese noko om ei utstilling som var så bra, og som det nærma seg siste sjans før ho fôr vidare, eller kva slike utstillingar gjer. Vert pakka i kassar av tre med denne side opp og handle with care, og kanskje fullt av vatt og isopor og avispapir. Kva veit vel eg? Det er monge ting eg ikkje veit. ...