# Hjul

 Det er den tida på året der dekkskifte står på ei slags indre liste, og av og til gjer me det slik og andre gongar sånn. Då me kjøpte trekkoppbilen i 2017, vart me spurt om me ville ha dekkhotell, og det høyrtes jo forlokkande ut, men då eg fann ut at det kosta 992 kroner per SESONG, flytta eg dekka ut av hotellet og inn på noko som ikkje kan kallas noko anna enn eit hospits i hagebua på Tjensvoll.

Ein gong har eg lagt om sjøl, og det går jo greit det, ute på vegen, men det kjem med banning og feilvurderingar og ukurant verkty.

I dag gjekk eg inst i bua, etter å ha måtte flytta på to par ski, tre vedsekkar, ein plenklyppar, og eit hyllesystem, og der fann eg dekka våre, og så heiv eg dei inn baki bilen og køyrde ut, på leiting etter ein egna verkstad. I Hillevåg ligg det fleire bedrifter som driv med dekk, og eg fann ein stad litt unna hovudvegen, med ein stor og litt skakk parkeringsplass utanfor.
Eg parkerte langsmed ein taxi.
Ein rulleport sto open, og oppå ein stabel med dekk sto ein radio og spelte countrymusikk.
Det hong ein handskriven plakat skriven med sprittusj på brun papp om at kundar ikkje skulle opphalda seg inne på verkstaden.
Så vart eg ståande og kika, for eg fann ingen folk, og ikkje var det nokon knapp eg kunne trykkja på, og det å ropa inn i ukjende rom ligg ikkje naturleg for meg, og hadde eg ikkje vorte vinka på av ein fyr på eit kontor bak ein glasvegg inst i lokalet, så hadde eg gått ein annan stad

Ting eg har sakna, som eg ikkje visste at eg hadde sakna.
Skeive, rare verkstadar i småsjabby strok, som luktar av olje og kjemikaliar, med flag og banner og plakatar hengande på halv åtte, og haugar av dekk, og kontor med oljefiller og fleire oppslag med sprittusj,
Og sneipar nedtrødd kring noko som minner om eit askebeger på utsida.

- Skifte du dekk?
- Ja, ka bil har du?
- Nei, det e bare ein liden elbil, ka koste det?
- Femhonndre kroner.

Det er godt innafor budsjett, og mannen er ein eldre kar i blå kjeledress, med litt hes røyst, kan hende på grunn av sigarettrøykjing.
Han vinkar meg myndig opp på ein løftebukk, eg hiv dekka ut, og han heiser bilen til himmels. Det ser litt komisk ut med ein liten blå elbil i så maskulive omgivelsar. Radioen spelar ein song som er kandidat til Verste duett gjennom tidene.
To all the girls I've loved before med Huuuuulio Iglesias og Willie Nelson.

Og så har me ein slags samtale medan han puslar rundt bilen og gjer greiene sine. Det er køyrelengde og dekk og denslags.
Eg skjønar kring halvparten av det han seier.
Profilar og dimensjonar 225 og 215, men han har vakse frå slike dekk seier han, og eg har nok aldri vore på den staden.
Eg har bruka ganske mykje av mitt liv på å nikka og lata som eg skjønar kva folk seier, av di det er enklare enn å spørja kva dei meiner, eller endå verre: Dei kunne få ein mistanke om at eg var stein hakke dum.
Men eg er høfleg og takknemleg, og då han er bortimot ferdig, og har fylt luft i alle fire dekka, kjem det ei dame med austlandsdialekt. Ho er kan hende ein stad mellom 30 og førti.

- Skifter du dekk, eller?
- Ja.
- Hva koster det?
- Ka bil har du?
- Det er bare en liten Toyota
- Fem honndre.
- Det var ikke for lite heller, er du spesielt rask, du da?

Eg tek han i forsvar:
- Han e i hvertfall grundige. Ti minutt har han brukt på min bil.
- Den forrige plassen jeg skifta dekk på - etterpå måtte mutterne etterstrammes.
- Ja, men det e vel nokså vanligt.
- Etter å ha brukt TO timer? Ho himlar med augene og gjer meg eit etterstrama smil.
Eg gjer litt opp.

- Eg e ihvertfall nøje, seier han.

Eg er kjempenøgd med det han har gjort, og pris og alt, og han seier at eg bør etterstrama boltane etter å ha køyrt 30 - 60 kilometer.

Mest av alt er eg nøgd med at det enno finns slike verkstadar, som er genuine, og ikkje alt er straumlinjeforma og ei eller anna avdeling av noko som heiter til dømes Mekonomen, der menn kan ein slags samtale, og mekanikaren kan knota skikkeleg på datamaskinen for å få til kortautomaten. Og neste gong eg skal gjera noko med dekka på bilen, så er det nok han eg kjem til å gå til.



Kommentarer

Rånni sa…
Her må jeg imidlertidig og umiddelbart arrestere og kverrulere på opptil flere punkter. DU BURDE LÃNGSKJEMMAS!!. 1. Å skifte hjul er på mange måter et rituale som ligger å lurer bak I knotten i et par uker før det bestemmes at denne ettermiddagen skal det skje. Hjulkryss,check. Dekka har luft, check. Pils * 4, check. Dette er do-able. Entry level mekanikk. Kanskje dingler en nabo forbi og gir et annerkjennende nikk. Kanskje synes sneipen dette er stas. Mestring..2. Har det gått så langt at ett så borti natta kørrka ord som dekkhotell får oss til å se bort fra det faktum at jeg har blitt lat, inkompetent, og enda verre; soss? 3. Ja vett du ka..
Her var det mange som hadde dekkhotell i Nikel. For det var kjempebillig. Men det var ingen som hadde tatt nye dekk med i beregningnen nå som grensa til Russland har vært stengt i både to og tre dekkskift.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta