Innlegg

Viser innlegg fra 2022

Våland på Bryne med dobbel a

Bilde
  Ekte byasar er skeptiske til bygda, og til lannasar, til grisgrendte strøk og hevdalukt. Dei har sett Deliverance meir enn ein gong. Innavl. Dårlege tenner. Banjomusikk og løgnasar. Eg er jo ikkje ein ekte byas, sjølv om eg har budd i Stavanger sidan 1995. Eg kjem frå ein liten plass, ei lita øy i ryfylke. Ei øy som strengt tatt ikkje er ei øy ein gong, sidan det er bru over ølesundet. På mange vis kjenner eg meir på slektskapen til bygdefolk. til folk frå ryfylke, sjølvsagt, men òg jærbuen, og dei frå Sandnes og Eigersund og, ja sjølv Brusand og Ogna og Bjerkreim og Eigersund. Storparten av den utvida omgangskretsen min er folk frå bygda. Og så er det denne underlege dynamikken mellom by og land, som eg har skrive mykje om før, men som eg aldri vert heilt ferdig med.  Mellom anna at det er ekstremt longt for ein frå Stavanger å dra på konsert på Bryne eller Kverneland eller i Eigersund, medan det er heilt greit for ein frå Eigersund å reisa andre vegen. Vanleg til og med. Sjølv om r

Der vi er

 Det er et uttrykk som heter at alle er sin egen lykkes smed. Det er særlig populært blant dem som har det bra, som har 'lykkes' i betydning av at de har det godt materielt sett, at de har til graut på veggen, som Tvitten så nydelig uttrykte det en gang. Fordi de fortjener det. I grove trekk betyr det at hvis man bare jobber hardt og gjør gode valg, så vil alt gå godt, og man vil få et liv i overflod. Hvis man derimot er lat og gjør mindre gode valg, så har man seg selv å takke. Det ligger mye grums og fascisme og borgerlig besservisserkvalme i det uttrykket der. For det er tusen grunner til at vi er der vi er, der den kanskje aller viktigste er tilfeldigheter. Har du ressurssterke foreldre er mye gjort. Har du gener som gjør at du ikke er disponert for alvorlig sykdom, får gode lærere, er skoleflink, følges opp av foreldrene dine, blir elska, unngår å bli mobba, får gode venner, og styrer unna absolutt alle former for avhengighet, finner deg en livsledsager som er snill, og ha

Welcome to the machine

 Forleden fikk jeg en invitasjon til å være med i ei facebook-gruppe som heter Redd jula for vanlige folk , initiativet kommer fra Rødts' stortingsrepresentant  Mímir Kristjánsson . Jeg vet ikke helt hva som var intensjonen med initiativet. Kanskje var det for å samle inn penger og klær og julegaver til det stadig økende antallet fattige i Norge, kanskje var det for å synliggjøre dem, og dermed legge press på stortinget og den sittende regjeringen. Gruppen har fått utvikle seg helt fritt, og blitt som en klagemur, der folk beskriver sin livssituasjon, fortvilede mennesker, redde mennesker, mennesker som fryser, skammer seg, som vil være anonyme, og som strever etter verdighet, mennesker som er sinte, som har 73 kroner å leve på fram til neste uke, som har blitt avvist av nav, som er på arbeidsavklaringspenger, mennesker som er syke, mennesker som vil være anonyme, som har mistet håpet, mennesker som tigger om hjelp, som ikke vet om de orker mer. Og så er det snart jul, og Dickens o

sesam sesam

 I datasikkerhetens navn må en ha et passord eller en kode for ethvert område man skal tre inn i. Og det holder ikke med faenihelvete666 elller dævendøttemegta, det skal være et 'sterkt' passord, eller: ett man aldri i verden vil ha mulighet til å huske. Og hadde det bare vært dette ene, så kunne man lært seg det, men det er det ikke, for det nye passordet må ikke ligne på det gamle eller tilstøtende passord, og dessuten skal det inneholde både tall og store bokstaver og være på minst åtte tegn. Skal jeg samtidig slette Samsung-enheten som ikke har vært aktiv på 4 uker? Nei for natas.

The fields of Anfield road

Bilde
  Speakeren på Anfield gjentok til det kjedsommelige at bortesupportere måtte vente til hjemmesupporterne hadde forlatt stadion, skuffelsen blant de røde supporterne var merkbar etter det sure tapet. Vi gikk taust ned trappene og ut av stadion, og nedover veien mot det vi trodde var byen, vi passerte flere titalls busser med Leeds-effekter, og jo lenger vi gikk, jo mindre så det ut som sentrum, og til slutt kom vi til et skilt det ei pil pekte mot John Lennon Airport, etter å ha gått 40 minutter, og da tok Konrad fram Google maps, og vi så at vi hadde gått totalt motsatt vei. Den famøse Dvergbøy-stedsansen, altså! Svikter aldri. Vi snudde og gikk oppover igjen den veien vi kom fra. På tur oppover traff vi på Leeds-bussene, der var det nokså god stemning. Vi traff også på små klynger med gående Leeds-supportere, de lo da de så skjerfene våre, og trøstet oss med at de hadde god tro på at Liverpool ikke kom til å rykke ned. Nå håbe eg at Leeds rykke ner, sa Roald da de var ute av syne.  E

Dårligt forsvar part to

Bilde
  Vi var inne, på kortsida motsett av The Kop, og plassane våre låg heilt oppunder taket og sikten var upåklageleg. Anfield vart fylt opp, sakte men sikkert. Leeds-spelarane starta si oppvarming framfor oss, til pipekonsert frå tribunen, men då Liverpoollaget starta si oppvarming var det applaus og gode tilbakemeldingar. Meisteren sjøl sto i boblekåpa si ved midtsirkelen og betrakta Leedslaget si oppvarming, det skulle vera rutine, dette her Leeds låg nest sist på tabellen. Liverpool hadde ikkje tapt ein seriekamp på Anfield sidan 2017. Flomlysa var på, banen vart vatna ettertrykkeleg. Kva kunne vel gå gale? Det er sterkt å stå og synga You 'll never walk alone før kampstart på Anfield, å stå med skjerfet over hovudet medan laga gjer seg klare utpå der. Det er hønehud på ryggen og brusande hjarta. Og så starta kampen, det gjekk nokre 1få minutt, så sklei keeper Allison på eit klønete tilbakespel frå midtstoppar Joe Gomez, og Leeds trilla ballen i mål framfor The Kop. Støtten frå he

Dårligt forsvar part 1

Bilde
  Det er helg, og eigentleg tykkjer eg at livet er for travelt no. Og særleg sidan eg ikkje har god oversikt, og ikkje taklar stress på ein utprega god måte. Eg har vore i Liverpool, som forrige post indikerte. Det var ein fin tur, med veldig låg flatfyllfaktor, og dei grunnene som me støytte på undervegs fekk me karra oss av, og kome oss vidare ned elva. Den første grunna var eit ugyldig pass ved utreise, og det er klart at slikt er kjipe greier, og særleg sidan flyet sto og venta på oss og det tok tid å få på plass eit naudpass. Og endå særlegare sidan det kosta friske 1300 kroner. Ein varm applaus til lensmannskontoret på Bryne som sa at det gamle passet var gyldig. Me åt vel eit av tidenes beste biffmåltid på ein Argentinsk restaurant på fredagskvelden, og nevøen min fekk i seg ei heil T-beinsteik, noko som er temmeleg imponerande med tanke på størrelsen på kjøtstykket. Måltidet vart avslutta med tidenes ringaste Irish coffee, eg trudde kaffebønene på toppen var sjokolade, men det

Du vil aldri gå aleine

 I dag, etter å ha venta i over to år med pandemi, har det endeleg lage seg slik at eg kan reisa på pilgrimsferd til Liverpool igjen. Det er ein femtiårslags-spleis frå vener og slekt, for ellers hadde eg nok ikkje teke meg råd til dette, og særleg ikkje i slike tider som no, då alt kostar meir enn det bruka å gjera. Sist eg var i Liverpool var i 2017, det var feelgood saman med Erlend og Svein Erik. På the Kop for første gong. Det var iskaldt, men enormt god stemning, allsang i samfulle 90 minutt pluss tillegg, og 1-0 mot eit ganske tannlaust Newcastle-lag. Det er to sider ved dette å vera supportar av eit engelsk fotballag. Det eine er dei emosjonelle banda som bind deg til klubben. Augneblinkar av samhald og fotballglede. Trent sin 'corner taken quickly' som rundlurte heile Barcelona- forsvaret. Origi som sette ballen i mål. 4-0 og finale. Eller Peter Crouch sitt hat trick mot Arsenal. Mirakelet i Istanbul. Sterke kjensler knytta til dette. 5-3 mot Chelsea, då Liverpool bese

dagane

Bilde
Tida går i sirklar, dagar, veker, månader år, og alle har navn og dei forsvinn bak oss, dukkar opp framfor oss, og vi vert eldre. Og årstidene skifter og det er merkedagar der, stabbesteinar langs vegen, og om ein ser seg bakover, så ser ein at dei ein gjekk saman med for nokre år sidan kan hende er ute av syne no, og når 26. Oktober dukkar opp, så er det ein slik dag som eg hugser, for det er dødsdagen til både far og mor, og bryllaupsdagen deira, og det er ikkje slik at eg sørgjer over dei lenger, for det har gått sju og tolv år. Men litt ekstra tenksam vert eg jo. Og i går var det vel Lars Magnus som sa at tida går så fort, og så ufatteleg tregt på same tid. Ein arbeidsdag kan vara evig, og eit år kan vera over på ein augneblink.

I ville vesten

Bilde
 Då eg var ung var det berre ein fjernsynskanal, eit fjernsyn som var uten fargar fram til VM på ski i 1980. I 1980 var VM på ski relevant. Det var ikkje slik at det var det same fjernsynet som fekk fargar, altså. Svartkvittfjernsynet, som var ein stor, brun kasse i tre, vart bytta ut med eit forrektigt fargefjernsyn. Fjernsynsteateret på tysdagane var eigentleg betre i svartkvitt. Marginalt, altså. Teater er uansett best på teater. Det var ryddig med berre ein kanal, så slapp me å krangle om akkurat det. På radioen var det òg berre ein kanal, fram til ein eller annan gong på 80-talet. Det at der berre var ein kanal på fjernsynet gjorde at alle hadde sett det same, og då me kom på skulen, diskuterte me ivrig kva som hadde skjedd i I ville vesten på Laurdagen. I ville vesten var verdas beste fjernsynsserie for oss som var 12 og ikkje hadde noko å velga i. Her om dagen kom eg over I ville Vesten , på Viaplay, eg tenkte kor ille kan det no vera, og ga det ein sjans. Gjensynet med Luke og

Svigerfars viser

  Då Jon Evil og eg spelte på jubileet for Strand vidaregåande skule for nokre år sidan, var ein av dei eks-lærarane som vart trekte fram min eigen svigerfar, og dette sjølv om han hadde gått av med pensjon, og jobba andre stader, så var det naturleg, og lett å sjå at han har betydd mykje for mange, som lærar, og som kollega. Det er ei historie frå- Strand VGS, der svigerfar har eit fag med ein elektroklasse, det kan vera norsk eller samfunnsfag eller historie, det er ikkje viktig, men han hadde gitaren med seg i dei fleste timane, og drog ein song eller to som ein del av undervisninga, og fanga dei fleste - sjøl dei mest uengasjerte tykte det var feelgood i svigerfar sine timar. Og formidlinga hans var bygd opp kring ei begeistring, og eit ekte engasjement. Nåvel, ein kollega kom inn i denne elektroklassen, og svigerfar var midt i ein song då hen opna døra inn til idyllen, og vedkomande skal då ha sett ut som eit spørsmålstegn, før hen let døra att igjen, strena innover gongen og ropt

Achy Breaky heart

 Klokka er omtrent 6 då Einstein sender meg ei melding på telefonen. Er eg her? Og eg seier hade til Endre og går ned trappa, kler på meg sko og jakke og g år ut i skumringa, og borti vegen kjem det trillande ein svart Tesla som stoppar framfor meg, og han har jo faen ikkje dørhandtak, den Teslaen, og etter ein del plunder får eg manøvrert meg ned i eit skinnsete frami cockpiten. Det er nokså god stemning, og så seier Einstein til meg: Ska eg visa deg eit Teslatriks, Øystein? Og før eg får svart trykkjer han på ein knapp på skjermen, og så opnar det seg eit hanskerom, og oppi det hanskerommet ligg det ei iskald Frydenlund fatøl. Det er kan hende det beste Teslatrikset ever, og stemninga er heilt oppunder taket no. Eg drikk kaldt øl i store slurkar, og me høyrer på Høgsomeindrage. Eg veit ikkje kvar Lassa er, det einaste eg veit er at Lassa var ein stad der alle smågutespelarane som spelte på Hjelm tidleg på åttitalet drog for å spela bortekampar, bortsett frå meg og eit par til. Det er

Du må sette opp en god disposisjon slik at du unngår aproposer (men det går helt fint uten også)

 Forleden var Rållså, Ingrid og jeg på en prøveforestilling av Narnia på hovedscenen på Rogaland Teater. Vi hadde seter helt framme på første rad, helt på midten, og da det skulle starte svikta først prosjektoren - som hadde en nokså stor rolle i åpningen, og rett etterpå røyk det noen sikringer, så da blei det tid til å handle smågodt og kaffe i foajeen. Skuespillerne var i gang etter en snau halvtime, og vi ble dratt inn i et univers av svart og hvitt, og noen sinnsykt kule kostymer, som var veldig gothic (bare med varianter av horn) og en stor del av dybden i scenen var brukt til ei diger, rund plate, hvor dramaet utspilte seg. Tre eldre ungdommer fungerte som fortellere, og jeg synes alle oppå scenen der gjør en fantastisk innsats. Det blir brukt veldig moderne teknologi, som også fungerer godt, et kamera som filmer som blir blåst opp på storskjerm. Nydelig lyssetting, og 'gjengen' til isdronninga var helt fantastiske. De mest rørende scenene er hvor det blir sunget opera,

new order

 Det blir sagt at nøkkelen til et langt, eller stryk det. Nøkkelen til et lykkelig liv er å holde liv i nysgjerrigheten, og utfordre seg selv - lære seg nye ting - gjøre nye ting hele tiden. Utvide horisonten. Jobbe på nye måter. Jeg kjenner sånne mennesker - sånne som gjør slike ting - jeg er ikke der. Dessverre eller heldigvis. På mandag hadde Rållså og jeg 7 års bryllupsdag. Det er ikke så ofte at vi markerer slikt, men det laga seg denne gangen, og jeg foreslo sushi siden jeg vet at Rållså liker det, mens jeg (fram til mandag) ikke hadde smakt det i det hele tatt. Jeg vil si at jeg har hatt et nokså fullverdig liv på tross av dette, motstanden mot rå fisk har ikke vært innbitt og hatefull, det har bare ikke vært noe som har ligget høyt på prioriteringslista. Jeg har strengt tatt ikke noen prioriteringsliste. Når jeg tenker meg om. Jeg har vært likegyldig til sushi, la oss heller si det sånn. Vi hadde Endre med oss i bilen, i høstværet, og han underholdt oss med anekdoter fra Minecr

Den plagsomme ytringsfriheten

 I går la jeg ut en facebook-status som (ironisk) brukte ordet kvakksine . Jeg synes kvakksine er et billig ord, som mest av alt får meg til å tenke på Andebyuniverset og Tullevåll stadion og bruktbilselgere som heter Ærlige Harry og Reale Roffen. Facebook synes ordet er så alvorlig at de i en halvlang epistel opplyser meg om at vaksinen er vitenskapelig testet, og fullstendig ufarlig, og så advarer de folk mot denne posten, fordi den inneholder desinformasjon. Ikke noen krise, sånn isolert sett, altså. Min stemme som samfunnsdebattant kan knapt undervurderes, de færreste blir provosert eller forarget av det jeg skriver (dessverre), og alt dette skyldes vel at jeg sjelden er kontroversiell eller krenkende eller motstrøms. Ganske ofte er jeg PK, eller politisk korrekt, eller bare nok en naiv sosialistjævel som tror at Norge kan løse allverdens problemer.  Nokså ofte blir jeg irritert på folk jeg er uenig med, og særlig på sosiale medier eller i tabloidpressen, og nokså ofte tenker jeg a

ægægæg tytte nrk sko feia for eiå dør

 Forleden så jeg et intervju med Erling Braut Haaland. Haaland er et fenomen, og trenger neppe noen større introduksjon her. Han er veldig ung, og en absurd god fotballspiller, som bøtter inn mål for klubb og landslag. Til alt overmål kommer han fra Bryne, en landsby ute på jæren. Hvis det er èn ting vi nordmenn liker, så er det å lese om andre nordmenn som er best i noe. Om det er skatteflyktingen Bjørn Dæhlie  (på nittitallet kjent som nannestadekspressen), eller Magnus Carlsen som visstnok er dritgod i sjakk, eller Ole Gunnar Solskjær, som scoret det målet i en Champions Leauge- finale på slutten av nittitallet. Eller Ingebretsen- brødrene fra Sandnes Supergode nordmenn generer klikk - og hvis noen filmer Håland på gata i Manchester - med en mobiltelefon - så ligger filmen noen timer seinere på alle nettaviser, og blir gjengitt i nyhetene, og delt syv milliarder ganger på facebook. Jeg er sikker på at Håland er en hyggelig og jordnær person - slik som nesten alle jærbuer er - men -

Stemningsrapport fra en gothmetaldans på Tau.

 I løpet av alle de årene jeg har holdt på med musikk, har jeg spilt på Tau kanskje en håndfull ganger, og det er medregnet juleavslutnings-showene på videregående på nittitallet. Masters of War av Dylan, Muddy Waters blues og Gottene fra Egenes. En variant av Arild Nyquist sin Skjeggbulbul i det gamle bankbygget. Sist jeg deltok på noen aktiviteter på Tau Aktivitetshus, var det i regi av åpen barnehage da vi bodde på Jørpeland, altså for 10-11 år siden. Det var litt stress, husker jeg, men koselig også. Det bildet som står klarest for meg fra det bygget var da jeg kikket opp i taket kort tid etter 17. Mai, og så flere titalls gassballonger som stanga mot taket og ville fly sin vei.  Det var mye tårer og snørr samlet på en plass. Long Night var forespurt om å gjøre en oppvarmingsjobb (som det heter i bransjen) for Sirenia, og siden jeg synger i Long Night, så gjaldt det meg også. Arni, vår supergitarist, levemann og våpendrager var dobbeltbooket denne kvelden, og derfor hentet vi inn e

What if Bruce was one of us?

Bilde
  Jeg leste en plass at Bruce 'The Boss' Springsteen får kritikk for billettprisene på sin kommende turnè. Det er snakk om billetter til rundt 300 dollar, altså omtrent 3000 kroner pr. billett. Jeg antar at man kan få dem dyrere også, men etter et lite søk ser jeg at det likevel er venteliste på billetter til konsertene i København i juli neste år. Jeg synes det er totalt skamløst, og dere som hyller kapitalismen og loven om tilbud og etterspørsel får faen meg skjerpe dere. Og du, også, 'Boss'. Særlig du. Jeg prøvde å lage et såkalt meme med det ikoniske coveret fra Born in The USA - albumet - det med dongeri-stussen og det røde tørklet i baklomma - og så hadde jeg tenkt å erstatte tørkleet med en svær grønn dollarseddel. Ideen er over middels god, men jeg er for lat og for klønete til å få noe sving på det, så det ble som illustrasjonsfotoet her viser, og det blir muligens blir tatt ned av facebook siden jeg har føkka med et åndsverk. Den plata der, den har jeg faktisk

Alle disse tingene vi ikke har glemt

Bilde
  Å komme tilbake hit nå. Det føles slik som jeg tenker meg at det må føles å luske tilbake til den katolske kirken etter å ha vært fri, for så å sette seg bak gardinene eller gitteret inni en bås av mørkt tre, med bøyd hode. Tilgi meg fader, for jeg har syndet. Men om jeg angrer oppriktig? Meh. Og ikke faen om jeg har syndet mot den katolske kirken. De burde rydde i sine egne skap. Jeg savner tiden da jeg skrev daglig, for tankene blir klarere hvis jeg uttrykker dem skriftlig. Ihvertfall for meg. Jeg har lest mange tusen sider i sommer. Renberg, Knausgård, Mytting, Kvæven, Patti Smith, Aslak Nore, og Per Petterson. Og ingenting jeg ikke har likt. Vi var i London i Juni, London som jeg ikke visste at jeg hadde savna. Og noe av det fineste jeg vet med den byen er de som leser bøker på undergrunnen. De er i sine egne rom. De står lent mot en vegg eller med den ene hånda rundt ei stang, eller sitter i et  sete langs veggen, uberørt av alle luktene, av all ristinga, av hundretusen kropper

Mother Russia var bra, da (Sisters of Mercy, Sentrum scene 21/5 2022)

Bilde
  Klokka er kring 2230 utanfor Sentrum scene i Oslo. Det står to stykk der, som ikkje kjenner kvarandre frå før, og beggje må ha pause frå konserten dei er på, og beggje røykjer og han frå stavangertraktene, han som er eldst er så skuffa at tårene står i augene hans. Han som opprinneleg kjem frå Bergen seier: Han kunne ha gjort det sååå jævla lætt for seg! Han kunne ha tatt på seg en hatt, fylt scenen med røyk, og hængt seg åver mikrofonstativet. Og dær kunne han bare stått, og folk hadde bare ælsket det. - Eg heilt enige, eg har faen lyst te å begynna å grina, og lyden - ka har di gjort med lyden? Det e jo EIN jævla graud. Og han synge jo ikkje - han kvekke jo som ein FROSK! Ein kompis av Flanellskjortemannen frå back in the day hadde ordna oss sitjeplasser på galleriet, fordi vennina hadde noko med ryggen, og me sat heilt framme oppå der, og då dei kom på, i eit blått lys, hadde me klappa relativt entusiastisk, sjølv om me ikkje kjende første songen, og ikkje den andre heller, nummer

Flått

Bilde
  Me er ute og går igjen, Endre og eg. Våren har kome og digitavla ved Brustadbua viser 17 grader Me har gått runden kring Mosvatnet, med kolonihagen på Våland som tenkt endestasjon. Innimellom grip han handa mi. Det er ingen vafler igjen der, i hovudhuset, men dei har is. Pinup eller friskis, og det er ein liten kopp kaffi att, og eit glas saft, og me set oss ved eit bord på utsida, midt oppi alt det grøne og blømande. Me går heim igjen opp bakken frå Saksamarka, og Endre ser ner i grøfta og seier: - Eg trur eg ser ei hanntikka. - Eller kanskje det e ei HUtikka, svarar eg. - Eller ei HENTIKKA, smell det frå junior. Og frå no av finns det ikkje noko anna.

Er det tilfeldig at assistenten til han i Jorda rundt på 80 dagar heiter Passaporte?

Det er den dag en då ekte arbeiderar går i tog nede i sentrum. I solidaritet med arbeidsfolket og i kamp for rettferd og fridom.  Det er òg far sin fødselsdag. Det er den dagen då det er Søndag og første mai på ein gong. Ein raud dag på ein raud dag vil alltid kjennast som eit tap. Ni rette i tipping. Han skulle vore flytta, var det ein som sa, og eg veit at han meinte det litt Alle vil reisa no som pandemien er slutt, og derfor er det travelt hjå politiet i høve utstading av nye pass. Eg kjenner folk som måtte reisa til Etne eller Eigersund eller andre perifere utkantar, Rållså fekk plass i går, på flyplassen klokka kvart på ti på kvelden, og så sette ho seg på toget. Laurdagane hjå oss brukar vera slik at Endre vert køyrt til Jørpeland kring 11 og Ingrid stikk til byen for å henga med vener, og Rållså og eg sit i kvar vår fløy og les eller skriv eller ser på noko eller førebuer oss, eller eg er på øving i eitt av banda mine eller ser fotball. I går, siste dagen i april 2022

Påskeharen tester bysykkelen og snart er det påske

Bilde
  For mangfoldige år siden skreiv jeg en serie innlegg, der jeg drev med produkttesting for å lede dere forbrukere i jungelen av tvilsomme tilbud og oppfinnelser. Jeg testa blant annet bilen og.. Ja, hva annet var det jeg testet, montro? Piren pub? Det er søkbart i emnefeltet oppe til venstre. Flere av mine aller nærmeste har en slags naturlig innebygd skepsis mot nye og kompliserende faktorer i livene våre. Ja, eller en vegring mot nye ordninger og regimer. Janei, det er ikke sånn at de er i mot alt nytt, altså, for det er de ikke. De er totalt for å prøve nye ting. Bare de har prøvd dem før. Bysyklene fra Kolumbus er ikke en spesielt ny ting. Ja, ikke eldgammel heller, altså, men det er sikkert ått-ti år siden Pål Øystein ytret disse bevingede ordene, som må ha gjort inntrykk på meg siden jeg fortsatt husker dem: Eg bruge dei bysyklane heile veien, eg. Når det er sagt, så var han vel også modell i en slags reklame for nettopp dette tilbudet. Om jeg ikke tar feil. Jeg er ikke helt si

Rustfest del 6, Hei hvor det går

Bilde
Eg sedde klokkå på vekking kvart på seks , seier Arni. Eller det e kanskje best med halv? Det har vore litt styr i aksen flybillettar til akseptable prisar - Ok reisetid/ tidspunkt. Det har gjort seg utslag i at me reiste til UK på ein Torsdag, og skulle fly heim igjen halvniish på Søndagen. Mike hadde bestilt drosje  og ordna fastpris. Me stappa inn utstyr og instrument og fossa sørover ned M6 i den tidlege vårdagen. Flyplassen i Manchester skapa ein del styr, og heldigvis var det tidleg, slik at me kunne stå og ta utstyr ut og inn av baggar og koffertar og verta kroppsvisiterte på det grovaste. Det er mykje gaping og veifting her. Have you got anything in your pockets, sir?  Det hadde eg. Myntar. Når hadde eg sist myntar i lommane? Sikkert femseks år sidan. Oh, that's right - you can have them if you want , seier eg. Han peikar på ei plastkorg. Put them in there, sir. Og så må eg igjennom perleporten endå ein gong, og i sidesynet skimtar eg Timmy og Arni som har liknande utfordri

Let me entertain you - Rustfest del 5

Bilde
Dagen kjem. Laurdagen, og den første spelejobben sidan 2019. Arni er rastlaus og stikk ut ganske tidleg, medan Timmy og eg vert liggjande i kvar vår seng og sjå på hits frå åttitalet. Eg vurderer kremasjon på avbetaling. I følge reklamen er det berre eit par hundrelappar i månaden, Det er monge forskjellige måtar å førebu seg til konsert på. Ein skulle tru at di fleire konsertar ein spelte, di meir profesjonelt takla ein det mentale i timane før. Men slik er det diverre ikkje, Sjølv vert eg dregen mellom han som seier at dette aldri vil gå bra, og gjer at eg mest må spy og han som seier  at dette her er easypeasy . Du kan songane i blinde, du har øva, me er eit dritbra band, du har gjort dette så utruleg monge gonger, Det er han første som skrik høgast og på sitt mest intense lukkast han med å opna ein avgrunn under meg, men eigentleg ikkje denne kvelden i mars 2022.  Det er inni helvetes kaldt i lokalet, og backstagen er endå verre. Eg finn ein krok på sjøsida av baren, ein sofa vend

Band av brødre, Rustfest del 4

Bilde
Arni og jeg tar enda en tur innover byen. Vi besøker noen secondhand-sjapper. Det er mange av dem her, som om byen er en fjern fetter av mer berømte Camden i hovedstaden.  En fjern fetter med nagle-bh og uniformsjakke, New Rock- boots, og shady vinyl for salg. Det lukter mugg og gamle klær. Men menneskene er slik som de ofte er i England - høflige, behjelpelige og inkluderende. Dama slår 3 pund av prisen på et innrammet bilde av David Bowie Vi finner et sted som serverer både god kaffe og gin tonic i store glass. Vi blir sittende nokså lenge, med utsikt mot bukten, som bare er ei strand akkurat nå, på grunn av tidevannet. Det blir kveld. Vi vandrer mot klubben. I nokså tomme gater lusker gothere i samme ærend som oss, mot klubben.  Vi blir VIP'et av Mike og Donna og alle som jobber på Alhambra, får artistbånd rundt håndleddene. Lokalet er romslig, med stoler og bord bakerst. Scenen på størrelse med folken. Det kverner en Sisters of Mercy- låt over anlegget. Menneskene er i kostyme.