Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2018

Mi jobbreise del 12: Juletreselgar

Ein del jobbar dukkar berre opp på grunn av vennskap og kjennskap, tilfeldigheiter eller som resultat av andre sine val. For ein konstant blakk 24-åring, som i all hovudsak bruka pengar på moralsk og kroppsleg nedbrytande ting, som lo høgt av alle som spara studielåna sine, og trudde BSU var eit prevensjonsmiddel, så var alt som minna om lette pengar freistande. Gamlekjærasten min hadde kontaktar i juletrebransjen, ei ekstremt sesongbetinga næring, med djupe tradisjonar i Ryfylke og på Hillevåg torg. Det er fin stemning der borte på torget før jul, i laupet av 3-4 veker skiftar tusenvis av juletre eigar. Det luktar kvae, og asfalten blenkjer våt i den milde stavangervinteren. Salet går best når klokka passerer fem på ettermiddagen, og vinden kjem inn frå fjorden og kundane er mest opptekne av 'å få det gjort', og dermed ikkje stiller urealistiske krav til pris eller kvalitet. Eg var blitt ein dårlegare seljar enn då eg selde julahefte, den store entusiasmen var der ikkje,

Mi jobbreise del 11: tekstforfattar

Eg har alltid lika å skriva. Skriva brev, små vers, store vers, historier, songtekstar. Eventyr. Eg likar betre å skriva enn å snakka, for det eg skriv ofte er nærare sanninga enn det eg seier. Og så slepp eg å sjå folk inn i auene, og bryta mot andre sine meiningar. Prosjektet med jobbreisa er begrensa til arbeid som eg har fått ei eller anna form for betaling for. Mitt første betalte skriveoppdrag var i 2006 - eg hadde skrive blogg i nokre månader - og så fekk eg ein ganske genial idè: Eg skreiv eit kåseri som eg sende til Bondevennen. Kåseriet heitte Byasar og Lannasar , og innheldt finter mot far, som eg visste var fast lesar, og dessutan tidlegare redaktør av det ærverdige tidsskriftet. Og innlegget signerte eg Haren , og på førehand sa eg ingenting. Eg gjekk og venta på ein reaksjon. Heile Fredagen (som er utgivingsdag) gjekk. Og heile Laurdagen. På Søndagen var Rållså og eg på veg heim frå austlandet i 'ny' bil. Og då ringde far på mobilen, og han lo. Høgt. Og særle

Mi jobbreise del 10: Rockestjerne

Å bruka tittelen 'Rockestjerne' er alltid litt.. tja, brese, og sit langt inne. Kva er ei rockestjerne? Kor går grensa? Rockestjerne er ikkje synonymt med musikar , for i det uttrykket ligg det først og framst ei forventning av at det er hovudgesjeften, ein musikar lever av å spela inn og framføra musikk for folk. Til Rockestjerne-nemninga handlar det i stor grad om: A: Kor kjend ein er B: Kor utagerande livsstil ein har Desto meir kjend ein er, desto høgare og klårare lyser ein på den lugubre rockestjernehimmelen. Øvst lyser Elvis. Og så kjem David Bowie, Tom Waits, Keith Richards, the Beatles, Jim Morrison, Lemmy, og alle dei andre halsande etter. Det er langt opp dit. Lysår. Så det å kalle seg sjølv ei rockestjerne, ja, sjølv ei falma rockestjerne, det går det ikkje an å gjera utan eit snev av sjølvironi. Så no har eg på eit vis forklart kor landet ligg. Innad i musikarkretsar - i alle høve dei som eg vankar i - vært nemninga Rockstar bruka som eit nedsetj

ein kugut i frå Randøy

Eg song mykje i fjøset då eg var gut. Det var noko med klangen og stemninga og arbeidet som inviterte til song. Mjølkemaskina som durte inne på silerommet. Organa som tikka og drog mjølka opp igjennom slangane og sende henne inn igjennom røyra med adresse melketanken. Kyrne som sto og tygde drøv og rugga på seg. Dei klaga ikkje. Eg tolka det slik at dei lika at eg song for dei. Fram til eg var femten, var det eksklusivt kyrne eg song for, men då mor pressa (eg trur ho må ha pressa) den såkalla  Køntrigjengen  til å la meg syngja på ein cowboyfest på Hjelmeland Samfunnshus i 1986, så vart publikummet mitt utvida til å gjelda tob ein te òg. Det var Magne Tengesdal og Køntribandet Tennesee som var arrangørar, og så bruka dei lokale  Sjødner  som solistar, og spela til dans sjølv etterpå. Det var eit særs populært arrangement, med høg cowboyfaktor og frynser og knallpistolar og boots og dongeribukser over heile linja. Eg utvida synginga, intensiverte øvingane, og song for hunden L

Mi jobbreise del 9: Stillasbyggjar

Bilde
I 1995 frigjorde eg meg frå gardsarbeid og tok ein fråhofta-jobb i oljeindustrien. Det var min gode venn Jørund som sa at han kjende nokon som trong folk i eit stillasfirma. Eg heiv meg rundt, og før eg visste ordet av det, sat eg saman med ein annan fyr i ein Citröen, på veg mot Mongstad. Fyren og eg fann tonen med det same. Han var tungt tatovert, kledd som ein rockar, og var prøvemedlem i ein berykta motorsykkelklubb. Eg var 25, hadde akkurat vorte vokalist i eit band som skreiv sin eigen musikk. Eg hadde lånt med meg ein discman som åt batteri som om dei var smågodt, og 2-3 CD - plater. Me kjørte i mange timar, til me kunne sjå pipene på Mongstad oljeraffineri. Det lukta surt av gass, men landskapet var aldeles storslagent. Himmelen vid og open, nakne, blankskurte skrentar sa noko om at det kunne vera værhardt. Eg har alltid likt synet av det industrielle i direkte kontrast til det naturskjønne, og Mongstad stod ikkje tilbake for Sauda eller Odda i så måte. Det er noko der som

Mi Jobbreise del 7 - SFO - assistent

Det har skjedd, i livet mitt, at nokon har sett potensiale i meg. Rett nok har dette ofte vore folk som ikkje kjenner meg særleg godt, men likevel, det har hendt. Eg berre nemner det. Ein av dei som kanskje burde ha kjent meg betre, var far til min forhenverande kjerast. Han var ein ryddig og flink pedagog, og rektor på ein barneskule. og det var 90 - talet og SFO var ei relativt ny oppfinning, og HVPU - reformen var heller ikkje så gamal, og det var i det landskapet der eg landa. Ein langhåra øyarockar, med svart skinnjakke. palestinaskjerf og the doors - t-skjorte. Eg var 24. og eigentleg totalt utan retning. Eg hadde blese tyskeksamen til helvete, med eit krampeaktig og gramatikalsk katastrofalt essay om Derrick og Harry Klein, artium gjekk åt skogen, og lysta på studiekompetanse var ikkje overstrøymande. Eg hadde freista folkehøgskule, men eg var for gamal og ikkje motivert. Eg song i band. Så det var vel rockestjerne eg ville væra. Der totales Rölp. Dessutan var eg i op

Mi jobbreise del 5 - Skogplantar

Bilde
Eg må vel væra så ærleg å seie at kursen i livet mitt - om ein kan væra så ambisiøs å kalla det noko slikt - kan hende  har vore like prega av tilfeldigheiter og andre sin vilje, heller enn min eigen. Etter 3 år på Hjelmeland ungdomsskule, fram til 1986, var det ikkje mykje glede igjen i meg. Eg takla ikkje desse første tenåra på nokon god måte, rastlaus, utilpass, oversensitiv og umogen. På hausten det året, byrja eg på Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, og det var akkurat passe. Eg var yngst, så eg måtte tenke på kva eg sa og gjorde. Det var begrensa med teori, og mange kjekke utflukter. Eg bruka å sitja på med Odd i den lilla volvoen hans, begge fåmælte i dei haustmørke morgonane. Frontlysa som skar seg igjennom mørkret. Eg trur kanskje at eg røykte i bilen og. Eg røykte heile tida den gongen. Petterøes blå nummer 3 og wunderbaum. Slik lukta det i volvoen. Me hadde fag som Rekneskap, Husdyrlære, Skogbrukslære, Jord & Hagebruk, og Kjemi og Biologi. Og lekser ha

Mi jobbreise del 4 - Avløysar

Dei som har lese stykka mine i Bondevennen eller her, eller kjenner meg sånn nokonlunde, veit om bakgrunnen min som andre ledd i odelsrekka. Eg har skrive mykje om prosessen, om nærleiken til dyra, om arbeidet, og om far som sto over meg som ein temmeleg autoritær figur, og eg trur noko av den naive, barnslege gleda vart knust i meg i denne prosessen. Men samstundes lærde eg meg å bita tennene saman. Å tåla å få skit under neglene. Og ikkje klaga for mykje. Eg trur eg vart ganske flink, men ikkje eksepsjonell. Første gongen eg hadde ansvaret for molking og stell heilt aleine var eg 12 år. Dagen før far reiste til Island, hadde det kalva ei ku. Det var ekstra. Eg arbeidde som avløysar hjå andre og. Heiltid og deltid, feriar og helger. Siste gong i 2004. Det var ikkje veldig fett, men det hadde sine sider. Eg legg inn ei liste med linkar dersom nokon vil lesa meir. http://paaskeharen.blogspot.com/2013/11/begge-tapte.html https://paaskeharen.blogspot.com/search?q=den+gr%C3%B8ne

Mi jobbreise del 3: Julahefteseljar

Vi er enno heilt i byrjinga på 80 - talet. 1981. Eg går i storskulen , spelar fotball med faste lag i friminutta. Er så å seie alltid på det laget som tapar, men kvart friminutt er ein ny mogleik. Randøy skule er ein nynorskskule, og det er det me skriv, og mange held Norsk Barneblad , som kjem ein gong i månaden, og rett før jul får me spørsmål om me vil selja julahefter.  Smørbukk og Tuss og troll -   som på ingen måte kan samanliknas med Donald, det var ikkje snakkebobler, historia vart fortalt med tekst under kvar einskild teikning, men me ikkje så kresne på 80 - talet, og eg melder meg friviljug til å selga desse hefta - og skjønar ikkje kva motiv eg kan ha hatt. Det er ikkje klart for meg kven som var arbeidsgjevar, men det vart organisert via skulen, og mitt salsområde var heile Sandanger-sida, til og med Hovda, Kåda, og Randa. På ei lita øy som Randøy kjente alle kvarandre på 80-talet, og svært ofte var dei ög i slekt, og når ein 11 - åring kom på døra for å selja jul

Mi jobbreise del 2 : Strawberry fields for never

Me skulle ha flytta til Kåda i 1978, familien Dvergbøy, men huset oppi bakken som var under oppføring blei lagt flatt av hauststormen, så det var 1979 før me flytta inn. Eg fekk sjølv lov til å velja tapet på det som skulle vera 'mitt' rom. Eg gjekk for ein med seglskuter på eit opprørt, flaskegrønt hav. Bergljot valde rosa blomar (forutan dei på badet og grovkjøkenet, er dette den einaste som har overlevd dei 40 åra som har gått). Det var mørkebrune vindaugskarmar, og huset hadde eit karnappvindauge, ei såkalla velstandsvorte. Eg var enno glad. Skulearbeidet tok eg ganske lett på. Sommaren 1980 - eg hadde byrja å få litt plikter på garden - men betaling var det ikkje snakk om enno. Eg lika å vera med dyra, gje kalvane mjølk, og eg lika sauene, som hadde namn som Oddny og Janka, og Grålill , men dei var nok høgt oppi himlaleita i Berdalen då eg tok min andre betalte jobb - som jordbærplukkar. -Eg var 10. Det var ganske mange av ungane på Randøy som jobba hjå Arne Hol

Mi jobbreise - del 1: Stiklingar

I 1977 var Oddvar Nordli statsminister i Noreg, Sex Pistols ga ut ikoniske Never mind the Bollocks, familien Dvergbøy hadde akkurat flytta frå Ås i Akershus til Randøy i Ryfylke. Me budde i eit hus som vart kalla lerarboligen , 300 meter frå skulen. Far, mor, Bergljot (8), Frekkesen (1), labradoren Donna, og meg. Eg blei sju år dette året, og skulle byrja i første klasse. Eg minnest ikkje så mykje frå denne tida. Eg blei kompis med Knarven som var jamngammal med meg. Han var ein livleg fyr, med god teknisk innsikt. Han lurte meg til å pissa på eit straumgjerde ein gong, og så introduserte han meg for bygdeskikken med å helsa på folk ein kjende. Helsa mandig til bilar som køyrde forbi. Og så var det episoden med å halshogga høner. Det har eg blogga om før. Knarve var og med då eg hadde min første betalte jobb. Den gjekk over to dagar, og var i regi av han som skulle verte læraren vår. Jobben besto i å planta ut solbærstiklingar, og eg hugser det berre vagt, men eg trur me fekk bet

Dette er ditt liv

Hausten er tid for å fyra i omnen og mimra over det som har vore. Båe den faktiske hausten og livets haust. Setje grillen inn i boden. montere ned trampolina, slik at naboen ikkje får henne inn igjennom stovevindauga. Setje inn hagemøblene eller gambla på å la dei stå ute ein sesong til Eg var nyleg på eit møte der eg fekk høyre uttrykket 'di jobbreise', og så tenkte eg på mi jobbreise, som - ved sida av å vere prega av 23 år med lite reising - i overført tyding - dei siste 23 - faktisk inneheld ein heil del krumspring og prøving og feiling. Og så tenkte eg at dette eigentleg er båe aktuell og saftig kost å laga ein bloggserie om. Og lat oss for ein gongs skuld gjere reisa kronologisk, lat oss freista å væra ærlege, og ikkje spare på detaljane. Slik ser lista ut: Stiklingplantar Jordbærplukkar Julahefteselgar Avløysar Skogplantar Vedselgar SFO - assistent. Stillasbyggjar Rockestjerne Tekstforfattar Juletreseljar Dørvakt Bygningsarbeidar (Labourer) Pubservi

Kri, Kra og Kro

I dei eldste Donaldblada har oppfinnar-ugla Petter Smart ei såkalla tenkehette. Denne brukar han ta på seg dersom det er særleg avanserte oppfinningar som skal klekkast ut. Hetta er forma som eit møne frå eit tak, med ein skorstein på. Oppi skorsteinspipa bur kråkene Kri og Kra. Petter set hetta på hovudet, og det virkar alltid. Får fram det heilt geniale. Eg fann nett ei nerdeside på internett, der ei liste over oppfinningane til Petter Smart vart oppført. Det er ikkje småtteri. Eg fann dessutan ut at det var 3 kråker i tenkehetta. Ikkje 2. Og at kråkene var Ravnar. Det betyr at den tredje kråka - den som ikkje heiter kri eller kra - og visstnok ikkje er ei kråke ein gong - at ho ikkje har noko navn. Eg døyper henne Kro, slik at det ikkje vert meir forvirring. Ein annan ting eg fann ut på Donald - nerdesida var at det er eit par Carl Barks - og Don Rosa - fanatikarar som var til dels ufine i ordbruken der dei vert motsagt. Det er ei nettside som heiter Duckipedia. Smak på den. E

Disney

Heime på Randøy i sommar, fekk eg det for meg at eg skulle sortera i Donald - blada. Donald - blada er lødd inn i eit skap på det rommet som Frøken Frekkesen brukar å sova på. Me abonnerte på Donald Duck & co frå ca 1977 til longt ut på 2000 - talet, og då eg var born, bruka blada å koma tilkøyrt i ei pappeske med daglegvarer frå Randøy handel - kvar Tysdag - rulla inn saman med Norsk Ukeblad og Hjemmet, med ein strikk rundt. Og inni bladet var det alltid noko attåt - klistremerke eller små hus som kunne klyppast ut, limas saman og verte til ein juleby dersom det snart var jul. Dette måtte sjølvsagt fordelas - dei første åra mellom Bergljot og meg - og seinare fekk og Frøken Frekkesen ta del i turnusen. Eg opplevde stort sett all slik demokratisk fordeling som urettvis. Eg hata å dele. Eg hadde mykje glede av Donald i oppveksten. Av Donald sjølv, men ög av Onkel Skrue, Ole, Dole og Doffen, av Dolly og tantongane Hetti, Letti og Netti, av Bestemor Duck og Guffen. Av politimeste