Halvblodsprinsen, Øgleguden, Monarkiet
Kvart nyttår brukar me å sitja på kjøkkenet til the Beelzebubs og høyra på talen til kongen. Kongen virkar til å vera ein klok og empatisk mann til konge å vera. Han er kongen til muslimane og til uteliggjarane, til dei streite og til dei homofile, til dei som eig mykje og til dei som eig mest ingenting. Det er ikkje ulikt Jesus, tenkjer eg. Berre i aldrande utgåve med litt dårleg diksjon, men samlande. I alle høve i ord. Historikken til absolutt alle kongedøme er prega av maktkamp, innavl, horeri, meiningslaus vald og stormannsgalskap. Lite naudsynte invasjonar og nådelaus undertrykking av folk. Brutal innkrevjing av skatt og avgifter. Det liknar på den katolske kyrkja, kanskje med eit marginalt mindre innslag av pedofili. I mi verd er monarkiet lite anna enn ein pervers odelsrett, berre så det er sagt. Det er tullete og tilfeldig og urettvist, båe for monarkane og for oss undersåttane. Eg må verkeleg ta meg på tak for å ikkje skriva noko injurierande om til dømes prinsessa og øgles