Innlegg

Viser innlegg fra 2019

And THEN some 2006 - 2019 - takk for seg

Bilde
På sitt beste har det vore utviklande å skriva blogg. Morosamt. Engasjerande. Eg skriv i preteritum av di det ikkje  er det lenger. Det kan henda at kreativiteten - når han kjem attende - finn andre årer å renna i. Som flaumvatnet om hausten. Det veit vi ikkje. Ikkje eg. Og ikkje du. Takk til alle som har følgt meg, kommentert og kome med innspel. Særleg Frøken Figen, Rållså, Monstermamma, Frekkesen, Flanellskjortemannen. Monge nemnt, monge gløymd. Det er tusen måtar å ta livet av ein blogg på, og denne her har eg gjort ende på ved å seigpina han, og til slutt fisla han ut med eit knapt høyrbart fzt , som ein skvett brus i ei litt for stor plastflaske. Ein nokså vanleg måte å drepa ein blogg på, trur eg. Det er heilt tilfeldig at dette skjer på same dagen som Sylvi Listhaug vært Oljeminister. Det er òg heilt tilfeldig at det er same dagen som Søviknesen vært eldreminister. Det er skjer ikkje fordi ungdommane til Liverpool tapte 5-0 mot Aston Villa i går. Det er ikkje fordi

Jernvegen 12.12.19

Bilde
Eg må ha nemnt igjennom dei snart 14 åra eg har blogga, at eg er svak for tog. Ikkje på same viset som Fleksnes, som likar at toget går inn av tunellar og ut av tunellar, men på det viset at det går passeleg fort, og er passeleg behageleg, og bind stader og folk saman på ein betre måte enn det vegar gjer. Då eg kom ned på Paradis stasjon. Paradis stasjon er det mest misvisande namnet i verda. Han ligg ikkje på, i, eller ved Paradis. Paradis er de penere deler av Storhaug. Den bibelske forestillinga av paradiset er at det er grønt, bekymringsfritt, og har frukt nok til alle. Stort lenger vekk frå jernbanestasjonen på Lagårdsvegen er det vanskeleg å koma, og særleg på ein Desemberdag klokka halv ni, med svært skiftande vær, og intense byger som skyljer inn over fjorden og båthamna og tømer seg over Våland så slukane slit med å svelga unna alt vatnet. Den islamske varianten av paradis - eller martyrane sitt paradis - inneheld visstnok noko om 100 jomfruer pr. martyr (eg er på t

Topptilhengarar frå den PolitiskUkorrekteHøgresida

Bilde
Det er stort fokus på mat, og kva som skal etas og kven som skal eta det og kvifor. Det er ein herleg saus av religion, moralisme, ideologi, helse, og sunnhet. Det er allergiar og soyaimport og regnskog og toleranse og intoleranse og dyrevern og ekstrmisme og trusretningar som går Jehovas Vitner og Profetens Ummah i næringa. No mangla det ein e i ekstremisme, og difor vil det heite det frå no av - ekstrmisme - med stum e. Eller ein stum og to ikkje stumme. I går var eg så dum at eg gjekk inn på eit kommentarfelt der folk godta seg over at Lan frå byrådet i Oslo var sjukemeldt. Lan er vegetarianar og frontfigur for Dei Grøne, og vel - eit av dei framste hatobjekta til PUKH - Den politisk ukorrekte høgresida. Dei som et svin og drikk sprit og seier neger når dei vil av kulturelle årsaker. Eg la merke til at monge av dei som er mest i mot den PK korrekte venstresida og FAKE NEWS liberale venstresidepressa - som til dømes Dagbladet - er såkalla 'Topptilhengarar' i same nettavis

Logistikksjef

Bilde
Det er den tida på året då Rållserauå er på sitt aller travlaste, med intensive øvingar med ymse teatergrupper. Det at Rållså er travel betyr også noko for underteikna, som overtek rorkulten og overoppsynet med lekser, rutinar, besøk, fritidsaktiviteter og så bortetter. Eg disponerer og eigen bil for å gjera transportoppgåver enklare. Eg kjenner ingen som har slike morgonrutinar som oss. Sidan alle er A-menneskje, vert leksene gjort på morgonen før kvart på åtte. Dette gjeld òg lekser i piano, gitar og blokkfløyte. Eg skjønar ikkje korleis B-menneskje kjem igjennom leksene på ettermiddagane. For då er det fritidsaktiviteter. Symjing og handball og drama og teikning og den slags. Klokka fire og fem og kvart på seks og sju. Kva tid et De? I bilen på veg til treninga? Når eg er heime, så freistar eg å ikkje vera kjelda til stress. Men det kan vera vanskeleg. I går hadde eg ei fin oppleving på morgonen, då det vart stilt i andre etasje etter frukost og dusjing for den eine unge

Magnar Egil Riveland

Bilde
Eg vart kjend med Magnar på Nessa ein gong kring 1987, han var blidare enn dei fleste andre på arrangementet. Han er den einaste eg har vorte kjent med på Nessadans. Ok, det var ein gong eg hadde friska meg at eg klinte med to forskjellige jenter, men eg reknar ikkje med å verta invitert i deira 50-årsdagar, for å seia det på den måten. Like greit, kan hende. Magnar var heilt forskjellig frå alle dei eg kjende frå før. For det første var han mykje blidare, han tulla og lo, og yppa ikkje til bråk eller tafsa på jentene i buskane. Men det var feelgood 0ver heile linja. På same dans trefte eg Tvitten for første gong, han var meir tilbakehalden enn Magnar. Han såg hånleg på meg og sa: Javel. E det litle Bergøyen så e ude å fere. Seinere har Tvitt sagt: Eg likte deg ikkje, eg likte deg ikkje i det heila tatt.  Dette var - etter dette møtet - milt sagt gjensidige kjensler. Det gjekk vel enno eit par år før eg vart skikkeleg kjend med Magnar. Eg hadde jo vore med i teaterla

5 ting om høsten: del 1, Cupfinale

Bilde
NM - finalen for menn i fotball blir vanligvis avviklet på senhøsten i November, når lufta har blitt klar og kjølig, og trærne står som nakne hender mot en brungrå bakgrunn. Det lukter av jord, vedfyring, og råtnende blader. Jeg vil anta at cupfinalene til alle tider har betydd noe for folk i kongeriket, ikke minst siden de har blitt vist på NRK fjernsynet. I min barndom var det riktignok ikke enkelt å skille mellom Lillestrøm og Vålerenga, for fargene på skjermen var i stor grad de samme som de som var ute. Svart, hvitt, brunt, og variasjoner av grått. Cupfinalen var linka til Søndagen. Lukta av koteletter med saus, poteter og utkokte gulrøtter, eller steik av noe slag, og ganske ofte kaker eller kringle til den påfølgende kaffien. Jeg opplevde ikke cupfinalen live før i år 2000. Jeg var fortsatt allergisk mot supporterutstyr, men folk ellers var kledd i skjerf, hjemmestrikkede gensere, luer, drakter og jakker i sin klubbs farger. det er slik jeg husker cupfinalen. Masse folk i

La det bli rock

Bilde
Jeg sto over høvlebenkene i sløydsalen på skolen for en uke siden, sammen med 3-4 andre fedre. Og lukta av tre fylte neseborene, og praten gikk oss i mellom, mens planker langsomt fikk form. Først prata vi om Exit, den nye 'sjokkerende' serien til NRK, som handler om puling, kokain og investorer som er høye på alt dette, men først og fremst på seg selv. For min del synes jeg den var ok, men ikke mer heller. Jeg runder opp til en firer, siden Ledfoot har en birolle. Etterpå snakka vi om et av mine favoritt-emner: konserter. Det skjer jo enormt mye på den fronten. Hver eneste uke er det band og artister man kunne tenke seg å se, men så strekker kanskje ikke tiden helt til. Vi snakka om Turboneger og Bob Hund og Madrugada, og jeg snakka om Ledfoot, og så var det Aleksander som nevnte på at Honningbarna skulle spille på Tou scene i høst, og det var både synd og skam at jeg aldri hadde sett dem før, for jeg hadde hørt vitnemål (som kanskje var bare rykter, men likevel) om

Det året

På datamaskinen min ligg det halvskrivne dikt av ymse slag, og når døra opnar seg på gløtt, går det an å forma dei slik at dei vert til noko anna enn skisser, noko meir enn idear. Javel. Dette her er del ein av ein eller to eller tre. Det er slik eg ser føre meg at det kan ha vore då dei tok ut tømmer for å byggja driftsbygning, ja - det må kan hende vera kring århundreskiftet. I alle høve før traktoren kom. PS: Det er HESTEN som heiter Hans! Det året Det året laud økser i skogen So snødde det tett over landet og fjorden Det fraus på tjødner og pyttar Teppe av kvitt over blåsvart is Me virka med tømmer dei timane ljoset bar Klake i skjegget på mannfolk på hogst ein kald Januar Stivfrosne vottar krøkte kring saga Han Hans med skurstokkar festa til draget Frostrøyk frå hest og gutar på lasset Dei sa ikkje stort, men dei kjende på gleda Helt i det stora og helt i det småa Her fekk dei virka som mannfolk og vera med der det skull

Sultans of swing

Ein eg kjenner seier ay hen har blitt avhengig av mobiltelefonen generelt, og sosiale media spesielt, og at det mest er som med sigarettane, at hen kan kjenna eit sug etter dei, og at berre eit sveip over skjermen kan dempa trongen. Og det er visst som med sigarettane: dei aller fleste smakar ikkje godt, eingong. Før kunne statusar vera krative og morosame, men det ser hen ikkje så mykje til lenger. Me strør om oss med smileandlet og grineandlet og tomlar og hjarta. Me deler ut gratulasjonar når facebook seier at nokon fyller år. Me deler dei same linkane. Me er i eit rom med alt for mykje klang. Me seier det same, høgt og i munnen på kvarandre. Hen gulpar i seg dårlege og halvgode Netflix-seriar som om det skulle vera øl ti minutt før serveringa stenger. Og så skal alle på dei same arrangementa. Eller for det meste er me berre interesserte. Berre denne veka har hen åtte arrangement. Tre av dei foregår på same tid. Til ei kvar tid er 15-20 av Hens vener interesserte i dei same ar

Fjernlyset

Det er noko med måten lyset frå billyktene sveipar over landskapet på ein vinterkveld. Der dei blottlegg alt dei lyser på i nokre små augneblinkar, før dei overlet det til mørkret igjen. Det er noko med snøen som opnar terrenget. Det hender at det glimtar i augo på dyr, som vert ståande dørgande stilt, som om dei er tekne på fersken i noko ulovleg. Men lyset frå månen og stjernene gjer sine egne skuggar, for det er kaldt og klårt, og så stilt at det einaste ein kan høyra er den dempa brumminga frå dieselmotoren som akkurat har køyrt forbi. Og så ligg det berre att ein mjuk, oljemetta, grå røyk over landskapet og over vegen. Lyktene leiter seg vidare etter vegen. Og ho som køyrer har kan hende radioen på, og ho køyrer seinare enn ho ville ha gjort dersom vegen var bar. Og ho tenkjer vel ikkje over at ho er heldig som får vera her, som får køyra igjennom vinterlandet, for det som er nærast oss, det som er der heile tida er det fort gjort å ta som ein sjølvsagd ti

Arild Nyquist - Ungdom

Eg har ei veke sommarferie att, ei veke me skal væra i Danmark. Åja, seier folk, kor då. På Fyn seier eg. Åja, kor då på Fyn. Og det er då eg byrjar flakka med blikket, for eg veit ikkje. Eg har fått lese litt i sommar. Mindre enn eg først hadde tenkt, men det gjer meg godt å lesa. Det er inspirerande.. Eg har vore innom desse bøkene Ungdom av Arild Nyquist. Ei ganske tung, og ganske sjølvbiografisk bok som handlar om å veksa opp i Oslo på 60 -70 - talet, men heilt annleis enn alle dei andre oppvekstromanane frå Oslo. Heldigvis. Heiter det spisevegringar på nynorsk? Eteforstyrringar? Eg er jammen ikkje sikker. Men det har i alle høve han Arilden som er hovudperson i boka, med foreldre frå Oslo vest som er låst i eit ulukkeleg samliv. Etevegringsforstyrringar var neppe snakka så mykje om i Noreg på 70 - talet. Og særleg ikkje blant gutar. Det er vel anoreksi han har. Nyquist skriv med undring, og det er herleg, tykkjer eg. Han var visst ein naivist. Ja, men med djup i seg.

where you go i go

Bilde
Det er på etterjulsvinteren i 2008. Far min har kledd på seg kjeladressen som det står Norsk Sau og Geitavlslag på ryggen på. Han har trødd i støvlane i halvmørkret. Opna døra slik at hunden kan vera med han ut. Ho spring lukkeleg over singelen, og stega hans høyres tydeleg heilt inn i tømmerstova, der mor sit og sprengfyrer i vedomnen. Han må ha tenkt på meg denne ettermiddagen, og Rållså,. Han har sopt fôrbrettet, og gitt mjøl, og finn bandet til Dalaværen som ber navnet Nordviken.. Me slapp ei lita bombe på julafta. Av det koselege slaget. Først ein tutt - og så - ein tutt til. Tvillingar. Overrasking og gledesutbrot. Rållså var så fin då. Ho skein. Eg kan vel ikkje huska ein einaste gong at far ba meg om råd. Det var vel ikkje berre meg dette gjaldt. Far var av typen som meinte at han hadde betre peiling enn dei fleste. På det meste. Eller i alle høve like god. Men det kom seinare fram at han hadde rådført seg med Nordviken, og dei hadde vorte samde: Eg vil riva

Eg gløymer aldri 22. Juli

I dag, medan eg køyrde Rållså og ungane til flyplassen, snakka vi om 22. Juli. Det var Rållså som snakka mest, på eit vis som freista oversetja til ungane - tilpassa det den røynda og den erfaringa som tiåringar har. Rållså er god til slikt. Det var sterkt å høyra på. Eg gløymer aldri 22. Juli. At ho som no er kona mi og eg og ungane mine var på vitjing i Kristiansand, hjå besteforeldra hennar på Lund, og det var slikt vèr som i dag. Det regna tett og skodda låg som eit grått teppe over alt det grøne, og halvt skjulte dei sjarmerande trehusa der oppe. Og regnvatnet samla seg i pyttar på vegane, og ungane låg og sov på loftet, med dei små hovuda fylt av alle inntrykka som dagen hadde utsatt dei for, medan me vart sitjande å sjå på nyhetssendingane på fjernsynet, og veksla mellom TV2 og NRK. Først var det ein eksplosjon i Oslo sentrum, og så kom dei. Bileta frå Utøya, der ungdommar symde i panikk frå øya, medan den høgreradikale terroristen må ha gått rundt inni skodda og freista å d

Skada gods

Bilde
Vi er sånn omtrent halvvegs i sommerferien på Randøy, det regner tett, og alt er grønt grønt grønt, ungane sit på stovegolvet og leikar med lego, og eg les to bøker parallelt - Øst for Eden av Steinbeck - og Skada gods av Tore Renberg. Rållså er ute i regnet og skrapar vindaugskarmar, og me håpar på å få malt dei før ferien er over. Men då må det altså slutte å regne først. Steinbeck-boka er i to bind, og eg fann dei på gardinbretta i tømmerstua, der bokklubb-bøker frå  70-80 og 90 - talet står tett i tett, med sine fleirfarga ryggar peikande ut mot rommet. Mor var med i 2 bokklubbar, og las kvar einaste bok. Skada gods - Renberg si tredje Teksas - roman, fann eg i hyllene på biblioteket i Hjelmelandsvågen, og den har eg kika etter. Eller. Tanken har streifa meg når eg har lese bokmeldingar. Eg har lese dei to første bøkene i serien. Det sprutar av dei, den Renbergske energien er eksepsjonell, så vidt eg veit, utan sidestykke i norsk samtidslitteratur. Skada gods er ei tjukk bo

Pianomenn

Da Rållså og jeg gifta oss for snart fire år siden, så ønska vi oss penger til et piano i bryllupspresang. Selv om vi begge liker musikk, så er det fair å si at hun er hakket mer pianist enn meg. Og det er ungene også. Og naboen som ikke er noen trommeslager. Jeg tror faktisk at naboens katt er fullt på høyde med meg når det gjelder traktering av dette vidunderlige instrumentet. Vel. Etter fire år, så har det altså skjedd: Vi har kjøpt piano. Eller Rållså har kjøpt, og jeg har vært med på å betale. I går skulle det leveres, og pianobutikken hadde stilt som forutsetning at vi stilte med to kapable bærere, og så skulle de stille med to selv, og pianoet skulle opp den bratte trappa til stua i andre etasje. Rållså hadde målt, skrevet ned, og rota vekk lappen, så vi hadde ikke målene, men jeg gøyv på med å ta vekk dører og rabe og trappegelender, slik at det skulle være mulig å få faenskapet inn, uten å måtte rive noe, eller at leverandørene måtte vente. Jeg har satt opp ganske mange

Mablis 2019

Bilde
Det er Lørdag kveld, jeg er i Vålandsparken for andre kvelden på rad, på Mablisfestivalen, jeg står sammen med Marina, Arnstein, Trønderdegosen og Einstein, i den ironiske utkanten, men med et smil om munnen. Det er et elektronikaprosjekt som spiller. Det er pop. 'Bandet' består av en trommis i bar overkropp med noe burkaaktig over hodet, og en som trakterer tangenter som er kledd på samme vis. Det er to vokalister som snakkesynger på en ganske irriterende måte, og så har de lagt mye energi ned i kostymer og koreografi. Rytmen er altoppslukende, og de fleste står og nikker takten over pilsen. Og noen danser, og det er smil og gode vibber mellom bygene. Da får vi øye på en selger av gatemagasinet Asfalt som danser seg fram blant publikum, helt inne i musikken, og han danser og selger blader, og feirer hvert salg med en liten piruett, før han svinger seg videre med et smil om munnen. For meg er dette et av festivalens store høydepunkt, det er musikk som bringer folk sammen.

Tyskland

Bilde
Det er ein scene i The Wall - filmen, der  hovudpersonen - rockestjerna Pink sit, tungt animert og medisinert og glor på fjernsynet og zappar med fjernkontrollen.. Bob Geldof greidde aldri å toppa det han gjorde i den filmen. Sjølv ikkje då han arrangerte Live Aid. Han sit heilt apatisk framfor fjernsynet med ein filtersigarett i handa, og bler seg igjennom kanalane, igjennom all meiningsløysa, krigsfilmar i svartkvitt, reklamar, gameshow. Han er på veg utfor stupet. Det var ikkje noko stup i umiddelbar nærleik der eg låg på senga på budget-hotellrommet mitt, Eg hadde frigjort føtene frå Dr. Martens-støvlane som hadde omslutta dei i halvanna døger. Eg sløva, sprella med tedene og kika igjennom kanalane som befann seg på hotellet sin TV-meny. Eg drakk ein jumboboks med Becks, og hadde det godt. Tommy hadde vorte henta av manageren til sitt andre band, for å ha si første øving med dei, medan Arni og Eva Helen hadde dratt inn til byen. Og for oss var dagen heilt utan progr

#gothsinbluejeans

Bilde
Flyet landar på flyplassen i Düsseldorf, meir eller mindre i rute. Me har god tid, me skal ikkje spela før på Laurdagen. Men Tommy skal ha si første øving med october burns black. Me går og går, finn utgongen, og så stiller me oss der drosjar og minibussar køyrer inn, på eit smalt fortau med overbygg, og der står me med den vesle bagasjen me har, og det vert ringt til organisatorar og sjøførar og what not, men det drøyer, og eg lar meg freista til å ta ein røyk. Han smakar slik dei gjorde då eg var 13, og var på u-klubb på Hjelmeland ungdomsskule, og mest alle gutane i klassen var ute i septemberkvelden, og det byrja å mørkna, og det vart delt ut sigarettar til alle som ville ha. Geir, Magnar, Kjetil, Bjørn Asle, Loyee, Rolf Arne og meg. Der og då. Eit brorskap i plommetjuveri. Glørne som ga andleta våre eit mystisk, maskulint drag. Me var faen så tøffe. Me var gutta i røyken. Det var forbudt å røyka. Og kan hende var det akkurat det som gjorde at det smakte så fantastisk godt.

SAS pluss pluss litt til

Eg tykkjer tog er verdas beste framkomstmiddel. Det har sin eigen rytme, toget. Det går ikkje fort, men fort nok. I ein vanleg stol er det ikkje så lett å sova. Eg ligg med dongrijakken over fanget som eit teppe, og i eine lomma ligg telefonen, og når eg tek han opp for å sjekka klokka, så ser skjermen ut som om ein kulepenn har ejakulert på innsida av han. Han er mørkeblå. Det er typisk upraktisk, og typisk slikt som kan skje, og det passar utruleg dårleg akkurat no. Eg trur eg har vore av og røykt då toget hadde ein kort pause i Kristiansand, men eg er ikkje sikker, eg har slutta å røyka, så eg vonar at eg tar feil. Arni og Eva har hengt i restaurantvogna og kome i snakk med nokon. Me er alle vakne i det med passerer Drammen. Men har eit vindauge på 30 minutt på sentralbanestasjonen. Til Gardermoen-toget skal gå, og me reiser oss, litt støle og ikkje akkurat utkvilte, rydder etter oss og dreg handbagasjen etter oss ut på perrongen og tek avstigning på høgre eller venstre side