SAS pluss pluss litt til

Eg tykkjer tog er verdas beste framkomstmiddel.
Det har sin eigen rytme, toget. Det går ikkje fort, men fort nok.
I ein vanleg stol er det ikkje så lett å sova. Eg ligg med dongrijakken over fanget som eit teppe, og i eine lomma ligg telefonen, og når eg tek han opp for å sjekka klokka, så ser skjermen ut som om ein kulepenn har ejakulert på innsida av han.
Han er mørkeblå.
Det er typisk upraktisk, og typisk slikt som kan skje, og det passar utruleg dårleg akkurat no.
Eg trur eg har vore av og røykt då toget hadde ein kort pause i Kristiansand, men eg er ikkje sikker, eg har slutta å røyka, så eg vonar at eg tar feil.
Arni og Eva har hengt i restaurantvogna og kome i snakk med nokon.
Me er alle vakne i det med passerer Drammen.
Men har eit vindauge på 30 minutt på sentralbanestasjonen. Til Gardermoen-toget skal gå, og me reiser oss, litt støle og ikkje akkurat utkvilte, rydder etter oss og dreg handbagasjen etter oss ut på perrongen og tek avstigning på høgre eller venstre side.
Neste tog skal gå frå nett den same perrongen, så der har me flaks, og her er eg heilt sikker på at eg ikkje røykjer, for det er det andre som gjer, og reisa ellers går mest på automatikk. Ein kort togtur til på eit litt for fullt morgontog, uendelege rulletrapper, innsjekk med samling kring ein billettautomat frå SAS. Boardingkort, sikkerheitskontroll.
Avgang utland. Treng me pass? Nei, det gjer me visst ikkje. Finna ein stad å venta. Ta ei øl eller ein Baileys. For brennevinssalget har visst ikkje opna. Og enkelte av oss har issues med å flyga.
Alt går fint. Og to gate. Boarding. Sete nummer ditt og datt.
Ein buss ut til flyet. Ut på den opne asfalterte plassen, der det står eit fly.
Stå i kø medan folk jobbar for å finna setene sine. Hiva av seg ytterjakkane. Legga handbagasjen i opp i dei velfylte hattehyllene
Vi kan tilby våre SAS - pluss-kunder. Det er ikkje oss.
Toalettet foran i kabinen er forbeholdt våre SAS-pluss-kunder.
Det murrar i sosialdemokrat-Østen.
Kommunist-Østen roper på væpna revolusjon, og anarkist-Østen syslar med tankar om å låsa seg inn på SAS-pluss-doen og sitja der heile flyturen.

Eg sit toleg greit der eg sit. Flyet er halvfullt. Eg har med meg ungdom av Arild Nyquist. Har begynt på henne ein gong før etter at eg fann henne i bokylla i tømmerstua heime på Randøy.
Eg er ikkje sikker på kor sjølvbiografisk ho er, men tippar 97 prosent. Ho er hudlaus. Om anoreksi og pillenarkomani. Og på ein måte er det berre endå ein oppvekstroman frå Oslo frå 60 og 70- talet, og på ein annan måte ikkje.
Flyet akselererer i rasande fart, og me er i lufta.
Eg les nokre sider, døser av. Takker overstrøymande for den gratis kaffikoppen min, og bestiller eit trekanta kyllingsmørbrød som ikkje smakar godt. Men som eg et likevel.
Menneska i flyet døser, som meg. Eller drikk vodka med appelsinjuice frå trillevogna.
Vi kan tilby et utvalg av artikler til våre passasjerer.
Solbriller og parfyme og klokker og sigarettar. Jædijædi.
Vi nærmer oss innflygningen til Düsseldorf. Lettskyet, pent. 8 grader.
Setebeltet. Stolryggen. Bordet foran deg. Midtgangen fri for håndbagasje.
Tyskland, baby.
Her kjem me.
Bob hund har ei låt som heiter Düsseldorf. Eg vil anbefala den.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta