Let me entertain you - Rustfest del 5
Dagen kjem. Laurdagen, og den første spelejobben sidan 2019. Arni er rastlaus og stikk ut ganske tidleg, medan Timmy og eg vert liggjande i kvar vår seng og sjå på hits frå åttitalet. Eg vurderer kremasjon på avbetaling. I følge reklamen er det berre eit par hundrelappar i månaden, Det er monge forskjellige måtar å førebu seg til konsert på. Ein skulle tru at di fleire konsertar ein spelte, di meir profesjonelt takla ein det mentale i timane før. Men slik er det diverre ikkje, Sjølv vert eg dregen mellom han som seier at dette aldri vil gå bra, og gjer at eg mest må spy og han som seier at dette her er easypeasy . Du kan songane i blinde, du har øva, me er eit dritbra band, du har gjort dette så utruleg monge gonger, Det er han første som skrik høgast og på sitt mest intense lukkast han med å opna ein avgrunn under meg, men eigentleg ikkje denne kvelden i mars 2022. Det er inni helvetes kaldt i lokalet, og backstagen er endå verre. Eg finn ein krok på sjøsida av baren, ein sofa vend