Bjellandgate


 Det skjer ikkje mykje i påskeharen sitt liv. Før var eg kan hende betre til å sjå dei små tinga og setje dei i ein samanheng, eller undra meg over sider ved livet som var skakke eller sjølvmotseiande. Eg veit ikkje.

Eg er medlem av ymse grupper på facebook, dei fleste berre i kortare tid, av di det vert for mykje. For mykje dill og dall og flisespikking og krangling om bagatellar som ikkje betyr noko.

Dette kan skje kvar som helst - i heavymetal-grupper, plantegrupper, mannegrupper, kvinnegrupper, ymse fanklubb-grupper og så bortetter.

Ellers finst det grupper for allslags tenkjeleg og utenkjeleg, bompengegruppa er vel daud no, men alle vindmøllegruppene og nei til dyrare straum og plantegruppene og.

Eg er medlem av ei tilsynelatanda uskuldig gruppe som heiter Stavanger før i tiå (må ikkje forvekslas med Stavanger nå for tiå, Gode minner fra Stavanger, Stavanger i gamle dageretc.)

Årsaka til at eg er med i denne gruppa er at eg likar å sjå på gamle bilete, eg sluttar aldri å undra meg over forandringane som har skjedd dei siste 60-70 åra.

Eg er på ingen måte aktiv, eg legg ikkje ut noko sjølv, kommenterer sjeldan, og har ingen meiningar om kva innhaldet skal vera. Er det noko eg er likegyldig til, så scrollar eg vidare.

I vinter var det verkeleg fyr i Stavanger før i tiå - ekte engasjement.

Det første innlegget eg såg var frå eit indignert medlem som var sint på moderatorane av di dei meinte at det var blitt fjerna eit bilete av ei ketchupflaske med Bjellands Ketchup.

Dette bildet var så koselig å se, og det er mange i byen vår som har jobbet på fabrikkene til familien Bjelland, og det er da vel en viktig del av vår historie?

Det var monge som heiv seg på, og støtta kritikken mot moderatoren, og nokre truga til og med med å melda seg ut, for det var for gale å fjerne dette koselege bildet. Moderatorane lyt vera sitt ansvar bevisst og leggja ut biletet igjen, for det er så koseleg.

Tanken om å laga ei eigen ketchup- gruppe slo meg, men eg droppa det. Moderatorane forklarte at flaska var fjerna av di ketchupen ikkje var laga i Stavanger, men derimot Fredrikstad, og måtte djevelen ta den som la ut Fredrikstad-materiale i ei Stavanger-gruppe, og då roa det seg omsider.

Eg veit ikkje om all aggresjonen har vorte forsterka av pandemien. Eller om folk har så små liv at biletetet av ei ketchupflaske er nok til at the whole shithouse goes up in flames.


(biletet har eg lånt frå google).



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta