Skyggebror
For noko som må ha vore 12-13 år sidan, fekk eg ein førespurnad om å vera med på eit kulturarrangement på Hjelmeland samfunnshus. Det var den gongen då det hadde gått eit ras i Tysdalsstranda, så vegen var stengd, men det gjekk ferje frå Tau til Hjelmeland. Det var nokså fritt, dette oppdraget, så eg laga eit slags kåseri med songinnslag, Jan Egil var partner in crime, og eg oversette ein tekst eg hadde skrive på engelsk, og slik vart dei første frøa til Skyggebror sådd. Det var nokså spesielt å reise med ferje fram og attende mellom Tau og Hjelmeland, og eg trur far køyrde og henta oss på kaien, og at han lo av at eg dissa den arkitektoniske perla som Hjelmeland samfunnshus aldri har vore. Og det var litt slik Heimkomen son - kjensle . Og relativt sett så kan ein vel seia at innslaget var ein suksess. Utan å brese for mykje. Det var ikkje det verste tilhøyrarane hadde høyrt. Og alt i alt var det ei positiv oppleving. Eg såg ein gong på eit naturprogram frå ein eller annan ørken, der a