Innlegg

Viser innlegg fra april, 2023

Ein tredjegenerasjons stripåse kryssar sitt spor

Bilde
  Eg kjem frå ei long rekke av stripåsar og besservisserar, som sjelden eller aldri har teke feil, og om det er så at me tok feil, så sit det uendeleg longt inne å innrømma det. Min morfar Osvald påsto til dømes at når ein kokar egg, så vært dei blautare di lenger dei kokar. På ramme alvor. Det faktum at han ikkje kunne sjå gjorde det vanskeleg - for ikkje seia umogleg - å overtyda han om at det faktisk er motsett. Google har komplisert dette med å vera stripåse. Det er det nok mange fleire enn meg som har fått erfara. Mor mi hadde ein nokså god parodi på den andre bestefaren min - Øystein - om ein høglydt diskusjon dei hadde hatt om noko, og om det vart slått opp i leksikon eller eit anna oppslagsverk, og bevist at han tok feil. Då var det visst nokså elektrisk stemning. farmor: Sei det: EG TOG FEIL farfar: NEI! Kaffår ska eg det? På generell basis, så kan en jo seie at det er rart at menn er meir påståelege enn damer, og at det sit lenger inne å 'gje seg' for å bruka den term

Planet Earth is Blue, and there's nothing you can do

Bilde
  Jon Evil hadde kjøpt billettar til ein Bowie-tribute på Stavangeren på fredag og me endte opp med å gå saman med Ingrid og vennina hennar frå klassen. Ein eg kjenner (men ikkje kan sei namnet på) reiste heile veien til byen for å sjå Ole Evinrude spela hits frå sin brokete karriere. Me snakkar om mannen bak hits som: Det vakke min skyld, Sayonara og This town aint big enough for the both of us , sanger som har satt sjelelige skader på ein heil generasjon. Det var som sagt Jon Evil som var initiativtaker til arrangementet vi skulle på, og eg hadde ikkje sett meg inn i kva det eigentleg skulle gå ut på, men stolte fullt og heilt på min svirebrors gode smak, og songane til Bowie har prega meir enn ein generasjon, og på ein god måte. Me gjekk ned mot byen, Ingrid og eg. Det er ein fin veg å gå, over motorvegloket ved Mosvatnet, og ein snei innom Vålandsskogen. Ingrid snakka og snakka, og eg insisterte på at ho skulle kneppa nest øvste knappen i skjorta. Skjortå di e alt for åpen! Knepp i

Totalt jævla mørker - Eller Shuggie Bain. Av Douglas Stuart

Bilde
  I påsken leste jeg Shuggie Bain, en bok som følger en familie i og rundt Glasgow på  åttitallet. En ung gutts lojalitet til sin tungt alkoholiserte og psykisk ustabile mor er hovedtemaet, og det spares ikke på detaljene, det er armod og lunkne special brew- bokser, det er skandaler og råskap og hysteriske telefonsamtaler, det er sult og tragedie og manglende verdighet i fuktskadde leiligheter, utroskap og vold og nabokrangler. Shuggies mor Angela er pen, har forlatt en trygg og kjedelig mann for en meget sjarmerende taxisjåfør, og tatt med seg ungeflokken sin - 2 i tallet - og først flytta de sammen i huset til foreldrene hennes, Hun får et barn til med Hugh - som han heter, det er han boken er kalt opp etter. Hun rives i stykker av en (ikke ubegrunnet) sjalusi overfor sjarmøren. Første del topper seg da hun setter fyr på gardinene på soverommet, mens hun klamrer seg til yngstesønnen. Etter dette installerer taxisjåføren familien sin i et lite hus i en liten gruveby i utkanten av Gl