Ein tredjegenerasjons stripåse kryssar sitt spor

 


Eg kjem frå ei long rekke av stripåsar og besservisserar, som sjelden eller aldri har teke feil, og om det er så at me tok feil, så sit det uendeleg longt inne å innrømma det.

Min morfar Osvald påsto til dømes at når ein kokar egg, så vært dei blautare di lenger dei kokar. På ramme alvor. Det faktum at han ikkje kunne sjå gjorde det vanskeleg - for ikkje seia umogleg - å overtyda han om at det faktisk er motsett.

Google har komplisert dette med å vera stripåse. Det er det nok mange fleire enn meg som har fått erfara.

Mor mi hadde ein nokså god parodi på den andre bestefaren min - Øystein - om ein høglydt diskusjon dei hadde hatt om noko, og om det vart slått opp i leksikon eller eit anna oppslagsverk, og bevist at han tok feil. Då var det visst nokså elektrisk stemning.

farmor: Sei det: EG TOG FEIL

farfar: NEI! Kaffår ska eg det?

På generell basis, så kan en jo seie at det er rart at menn er meir påståelege enn damer, og at det sit lenger inne å 'gje seg' for å bruka den terminologien.

Eg går ofte litt hardt ut sjøl, sjøl om det er noko eg freistar å gjera noko med, for det er jo ikkje spesielt konstruktivt å påstå ting på tynt grunnlag, basert på intuisjon eller arroganse eller kva det no måtte vera.

I dag vil eg retta opp ein over 20 år gammal urett og seia at eg tok feil. Grundig feil, og min indre Øystein vrir seg litt når eg skriv det, men det får han berre tåla.

I 1995 såg eg Radiohead for fyrste gong, på ein liten festival som heitte Heyday, arrangert på tampen av sommaren, på det gigantiske festivalområdet på Roskilde i Danmark. Me reiste dit med båt og tog, ekskjærasten og eg, og Jøren. 

Eg reiste mest for å sjå Neil Young, som hadde sluppe eit album saman med musikarane frå  Pearl Jam,- dei kalla seg The Mirror Ball Band. Radiohead var ein fin bonus, og to år seinare skulle dei reisa enno høgare på rockestjernehimmelen, med klassikaren OK Computer.

Me telta i nærleiken av eit par frå Tyskland, og kom i snakk med dei. Mannen las i ei tynn paperback-bok Hesse eller noko.

Do you enjoy the book? Spurte eg.

It was only for the weed, svarte han. Som om det skulle vera ei forklaring.

Det var fine konsertar. Allsong på Creep og finfin stemning.

Neil i ruteskjorta si, hylla inn i endelause, skjærande gitarsoloar. 

 Kjølige Carlsberg Hof frå flaskegrøne flasker. Jøren insisterte på å sova ute, og då han vakna hadde han insekter i krøllene.

Og så reiste me heim, uten å besøka hovedstaden.

Eg har alltid vore oppteken av musikk, kjenslebasert har det vore, og som mange andre som var relativt unge på nittitalet, så kjøpte eg OK Computer då ho kom. Den gjekk nokre rundar i CD-spelaren min, kan du seie, og oppfølgjaren Kid A òg.

I 2001 vart eg fast medlem i Tristania, og på hausten la me ut på ein fem veker long turnè saman med 3 andre band: Vintersorg frå Sverige, Madder Mortem frå austlandet, og Rotting Christ frå Hellas.

Me delte Nightliner (turnêbuss) med det såkalla Crewet. Teknikarar, Merchperson og Tourmanager. Desse bussane er nokså likt konstruerte, sjølv om det varierer mykje kor slitne dei er, men i vår buss var det køyer i to høgder med gardiner framom, på beggje sider av ein teppekledd midtgong. Bak i bussen var det to salongar - ein oppe og ein nede. Begge plasssar var det stereoanlegg, og oppe var det fjernsyn og playstation. Og øverst i trappa var dassen. Som var ei oppleving i seg sjølv.

Det viste seg nokså fort at stereoanlegget i første etasje spela mest metal. I andre etasje var det mykje meir variert. PJ Harvey, Nick Cave, Kate Bush, og Radiohead. Og mykje anna.

Radiohead hadde akkurat gitt ut Amnesiac, og no er vi like ved forklaringa på uretten. Ei natt eg hadde lagt meg i køya mi tidlegare enn dei andre, vart Arnstein og Einstein sitjande og friska seg og høyre på Amnesiac eg sleit med å få sove der vi seilte nedover Autobahn, men så sovna eg då, og då eg vakna til igjen utpå morgonkvisten, sto same plata på på repeat, kjempehøgt, og ho trigga angsten i meg, eg sto opp og skrudde henne av, og det var ingen i salongen. Berre tomme ølboksar og overfylte oskebeger.

Eg klarte ikkje høyra på Amnesiac etter dette, eg utvikla ein aversjon mot heile plata, og kalte henne drid.

Eg tok feil.

Dei to siste vekene har eg hatt det albumet på øyrene. Ho er eit mesterverk. Ubestridt.

Rustne mannfolk i femtiåra kan skifta meining. For avogtil tek vi rett og slett feil.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta