Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2019

# Du må halda siå

Til dame i sekstiåra i grønn bil som small inn i spegelen min i Dalekleivå i går: Unnskyld for at eg skreik til deg. I Noreg køyrer me på høgre side av vegen. Ikkje midt i. I ettertid ser eg at eg overreagerte. Det var berre ein spegel . Vonar dottera di fekk ein fin film, men at ho har sletta han no. Ha ei fin helg, og overlat gjerne rattet til nokon andre. Ø.

Dorullnissen

Berre for å parkera det skåpet: Eg har verdas beste jobb. Ein av. Og ein veldig bra familie. Og eit - om ikkje alt for spennande, så i alle høve - eit godt liv. Sånn. No kan eg skriva om ting som irriterar, som er ganske små, men likevel... Foreldrerolla er mangslungen, og etterkvart som ungane veks til, så er det opplese og vedteke at ungar skal ha fritidsaktivitetar som gjer at dei får vener, eller finn noko dei likar å halda på med, at dei kjenner mestring og kan utvikla seg. Her er ei liste over kva me har prøvd til no. Knøttekor Piano Dans for gutar (2 gonger) Jazzdans for jenter Symjekurs - mange forskjellige Riing Handball Koding Drama Teikning (2 gonger) Alt dette har hatt eller har ein pris på eit eller anna plan. Ein ting er at det skal tilpassas livet ellers. At ein skal få tid til lekser og familiesamvære, tid til å eta, tid til å køyra og henta og så vidare. Og så skal ein ha utstyr. Sko eller hjelm eller ball eller knebeskyttarar eller støvlar eller ei

Gullfisken

Eg hadde ein gong ei venninne. Ho åtte ein gullfisk som hata henne. Kvar gong ho gjekk forbi akvariet, symde han mot botnen, vart heilt svart, plukka opp ein stein med munnen og symde i full fart mot henne og spytta steinen mot glaset der ho sto. Eg tenkjer at det er mest for godt til å væra sant. Men eg VONAR at det er sant. God helg!