Innlegg

Viser innlegg fra august, 2021

Det kan fort gå godt òg

Det er snart val, og eg  har  førehandsrøysta i brakka på Hillevåg torg, slik eg og gjorde for to år sidan. Eg har røysta på same partiet òg, men det er ikkje mykje engasjement eg legg for dagen, og stort sett så omgås eg ikkje høgrefolk, og når eg gjer det, så styrer eg utanom politikk om det let seg gjera. Debattar på fjernsynet er heller ikkje så kjekt, tykkjer eg. Alle partileiarane har rådgjevarar som på førehand har bestemt kva dei skal seia, dei har fått mediatrening, er sminka og dolla og straumlinjeforma i ein slik grad at det mest ikkje menneskje igjen bak der, ikkje som ein kan sjå. Dette ligg over heile fjøla, frå akse til akse. Me veit kva dei skal seia, kvar og ein av dei, og om programleiarane stiller dei til veggs, så klistrar dei på seg eit smil og seier det same igjen og igjen. Og igjen. Eg skjønar at politikk i stor grad handlar om å ha dei beste løysingane, og i valkampen vert dei lagde fram som rein sanning, og eg veit ikkje kva eg ville hatt i staden for. Eg veit

Ein sommar forbi

Det er minkar på sommaren, og me har vore enno ein tur austover, i bil denne gongen, via fantastiske Rauland nokre dagar, til Asker i eit par dagar, og attende. Bilferie er jo synonymt med helvete for mange av oss, men ved fri bruk av dei utskjelde skjermane, og nok øyretelefonar, så vil eg seia at det gjekk ganske smertefritt føre seg, Sett bort frå småkrangling mellom kartlesar og sjåfør angåande fart og frekvens på stopping, Og heime er det orging og vasking av fasadar, maling og klypping av hekk, og då eg skulle mala gjerdet mot næraste nabo, oppdaga eg ein større koloni med veps - kva heiter det på nynorsk - kveffs? kvafs? - veit ikkje. Og dei var litt for nære gjerdet, og malaren til å kunne kalla det komfortabelt. Og malinga var deretter - gjort i hastverk - og etterpå gjekk eg på nettet for å sjå korleis ein kunne angripa situasjonen. Eg hugsar ganske godt då eg var gut, at ein avløysar me hadde heime på Kåda (var det Lars Strøm, mon tru?) trødde oppi eit jordvepsebøle og at ha