Heime hjå Mor er det ein peis som ikkje har vore brukt sidan - tja? - er det ostete å seie sidan Aalesund brann? Meir diplomatisk kan ein seie at han ikkje er i dagleg bruk. Me snakkar tiår. Kanskje meir enn eitt. Eg var der inne hjå Mor med mine to små frå fredag og fram til i dag. Rållsings er på langhelg til Paris. Det er først og fremst hyggjeleg å vere på tur med Ingrid og Endre. Dei er trevne - et godt - ler mykje - og søv 11-12 timar kvar natt. På dagtid lyt dei aktiviseras, for særleg Endre har eit minstekrav til actionkubikkmeter pr døgn. Så på Laurdagen kledde eg på dei Ulldress, vinterdress, ullsokkar, sko, lue (hals og lue i ett - ein slags onepiece) og polvottar. Gonger to. Og så slengde eg på meg ein hettegenser under jakken min. Og trødde oppi joggeskoa og så var vi klare til å utforska uteområda. Det var inni helvetes kaldt og det blæs, men det var eit mjukt vinterlys som var formildande. Og ungane tykte det var heilt topp. For der var 'Della' (Border Collien St