Sei inte nei (sei kanskje kanskje kanskje)

Heime hjå Mor er det ein peis som ikkje har vore brukt sidan - tja? - er det ostete å seie sidan Aalesund brann?
Meir diplomatisk kan ein seie at han ikkje er i dagleg bruk. Me snakkar tiår. Kanskje meir enn eitt.

Eg var der inne hjå Mor med mine to små frå fredag og fram til i dag. Rållsings er på langhelg til Paris.

Det er først og fremst hyggjeleg å vere på tur med Ingrid og Endre. Dei er trevne - et godt - ler mykje - og søv 11-12 timar kvar natt.

På dagtid lyt dei aktiviseras, for særleg Endre har eit minstekrav til actionkubikkmeter pr døgn. Så på Laurdagen kledde eg på dei Ulldress, vinterdress, ullsokkar, sko, lue (hals og lue i ett - ein slags onepiece) og polvottar. Gonger to.
Og så slengde eg på meg ein hettegenser under jakken min. Og trødde oppi joggeskoa og så var vi klare til å utforska uteområda.

Det var inni helvetes kaldt og det blæs, men det var eit mjukt vinterlys som var formildande. Og ungane tykte det var heilt topp. For der var 'Della' (Border Collien Stella) som blir aldeles vill når nokon sparkar til ballen hennar. (eller det som er igjen av han etter at Dagobert køyrde over han med traktoren) 'Della' dansa rundt med høge og oppglødde bjeff og Endre sine auger var runde som klinkekuler av fryd. Og Inrgid gjekk fort lei av å humpe rundt på bakken og dette på kne heile tida, så ho sat på armen. Medan eg trilla vogna med den andre og junior stabba avgarde meir eller mindre for eiga maskin.

Onkel Dagobert og tante Ninja var òg der ute og Endre fekk sitja på fanget i traktoren - og Ingrid òg - men då Dagobert starta opp vart det for voldsamt for Ingrid, medan guten med klinkekulene fekk meirsmak. Og så var det å helsa på tante Ninja sine hestar før vi skulle trilla ein tur som ei slags avslutning. 'Della' var motviljug følgehund, men vi gjekk berre nokre hundre meter før vi snudde. Det var så satans kaldt på hendene.

Vel i hus igjen gauv ungane laus på innhaldet i kjøkkenskåpa med fornya energi og Ingrid brann seg på vedomnen til mor og det har vi snakka mykje om etterpå. Ei lita blemme på den litle fingeren.

Endre er høgt og lågt og dreg i dukar og klatrar på bord og stolar og snur bilete som heng på veggene og dess mindre lovleg aktiviteten hans er, dess meir morosamt er det. Difor prøver eg som regel først å ignorere eller likegyldig opplysa om at det 'ikkje er vits i' å til dømes dra all veden ut frå vedkorga.

Men den nesten men ikkje heilt ubrukte peisen er som ein fordømt magnet på Endre. Den er som det føkkings treet med eplene i eventyret om Adam og Eva. Hadde peisen verkeleg vore heilt ubrukt så hadde han ikkje vore full av sot og då hadde han nok ikkje vore så spennande heller. Og då junior hadde skitna ut strømpebukse, ullbody nummer to, og seg sjølv ettertrykkeleg var tålmodet til Påskeharen slutt og eg tok han liksom litt hardt kring akslene og sa N-E-I. ' Neinei!' svarte han og to minutt seinare sto han igjen med dei små tjukke fingrane inni peisen medan han sa 'nei!nei!nei!' og smilte. Og då ropte eg NEI, ENDRE! NEI! Kaffor ein del av nei er det du ikkje forstår? Og då vart Endre redd og byrja å gråte og då var det påkrevd med trøyst og kos og eg følte meg akkurat så mislukka i farsrollen som dykk kan ane.

Tenåringsfasen kan verte ei utfordring.

Kommentarer

Rållså sa…
Jeg tror han har glemt det alt,han snakker bare om traktoren og Della.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta