Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2021

Som tåg av längtan

Bilde
Det står på paaskeharen.blogspot at sida ikkje er sikker, og det betyr nok at ho kan innehalda pornografi eller eksplisitt vald eller umoral, men det trur eg ikkje ein kan finna så mykje av. Kanskje litt av det siste. Eg har ikkje blogga sidan mai, og det kjennes kanhende litt som katolikkar kjenner det når dei ikkje har skrifta på sju longe og breie. Katolikkane går vel ellers mot nok eit dårleg år på verdbasis, med så monge skraper i lakken at det kan væra vanskeleg å få auge på originalfargen.  I mitt stille sinn tenkjer eg legg ned driten, men innser at det er ein nokså harry ting å seia, og at det er lettare sagt enn gjort. Sjølv om ein meiner det.  Dette her er deprimerande lesing om den  katolske kyrkja . For ei suppe. Kva anna har skjedd sidan mai? Jo, me har hatt to konsertar med Skyggebror, vorte eit band vil eg mest seia. Og eg er priviligert som får vera med i eit kollektiv med så flinke musikarar og gode folk. Og for min del så hadde eg ikkje sunge for folk sidan Desember