Våland på Bryne med dobbel a
Ekte byasar er skeptiske til bygda, og til lannasar, til grisgrendte strøk og hevdalukt. Dei har sett Deliverance meir enn ein gong. Innavl. Dårlege tenner. Banjomusikk og løgnasar. Eg er jo ikkje ein ekte byas, sjølv om eg har budd i Stavanger sidan 1995. Eg kjem frå ein liten plass, ei lita øy i ryfylke. Ei øy som strengt tatt ikkje er ei øy ein gong, sidan det er bru over ølesundet. På mange vis kjenner eg meir på slektskapen til bygdefolk. til folk frå ryfylke, sjølvsagt, men òg jærbuen, og dei frå Sandnes og Eigersund og, ja sjølv Brusand og Ogna og Bjerkreim og Eigersund. Storparten av den utvida omgangskretsen min er folk frå bygda. Og så er det denne underlege dynamikken mellom by og land, som eg har skrive mykje om før, men som eg aldri vert heilt ferdig med. Mellom anna at det er ekstremt longt for ein frå Stavanger å dra på konsert på Bryne eller Kverneland eller i Eigersund, medan det er heilt greit for ein frå Eigersund å reisa andre vegen. Vanleg til og med. S...