Pass opp
Han var så gamal at han drøymde i svartkvitt Røysta hans let som ei LP - plate. Syttiåtte eller noko Som ei knitring i dei nedstøva rillene. Då han banka på døra til nettbanken fekk han ikkje koma inn I kid You not Passord? Neei Alt var betre før Og enklare Han var så gamal at hjarta hans slo Meir som av gamal vane Til det stoppa Slik som alle hjarter gjer For hjarta er ikkje ein jævla evighetsmaskin Han vart så gamal at han kunne ha vore ein optisk illusjon Han vart så gamal at han hugsa ungdomsåra under krigen som dei kjekkaste av alle Då han banka på perleporten visste han ikkje kva han heitte Eller kva han skulle der å gjera Passord! Sa han ved porten Pass opp sjøl