Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2023

God jul til deg òg!

  Det er Søndag og Endre og eg er på jakt etter julatre. Det foregår ikkje slik lenger, at eg - væpna med øks og sag - tek meg turen under tødene over Kåda - i halvmørkret for å hogga julatre i eigen skog. ME er væpna med brukbart humør, smultring frå butikken, og eit visakort som det er pengar på (enn så lenge). Og me sit i den minste, og billegaste elbilen som i si tid kunne kjøpast for pengar. Det kjem eg inn på seinare. Ryktet seier at dei sel julatre på Tjensvoll, og sidan kortreist er i vinden, køyrer me dit først. Jo, det er tre der, men ingen kremmar. Trea er låst inne med ein blå nylontau, det er ikkje fyr i bålpanna. Det regner kattar og hundar. Me må til Hillevåg, køyrer Auglendsveien mot Kilden, forbi Kilden, ventar på tre bilar som kjem frå venstre, og smett ut framfor den fjerde. Det er ein BMW, han tutar iltert og eg sleng ein langfinger opp i bilruta og ropar OG GOD JUL TIL DEG OG! Junior ler så han set smultring i halsen. Me kryssar over vegen til ein julatremogul frå

The dark end of the street

Eg hugser at det var ein daglegvarebutikk i den shady enden av Pedersgata som selde øl utan å spørja om legetimasjon. Det var min favorittbutikk. Eg hugser at eg skulle ha fest ein gong i 1987, og at eg gjekk på bussen, nummer 5 eller 15, ned til torget og gjekk heilt dit, til enden av Pedersgata og kjøpte to kassar øl og transporterte dei i ein stor, marineblå bag, og det var så tungt at knea såvidt bar meg ned til domkyrkjeplassen. Eg hugser at 1987 var eit år då eg kjende på eit snev av fridom, at eg budde på hybel på Eiganes, i Torfæus gata, og at eg kjøpte Def Leppard sin Hysteria på kassett og Bruce Springsteen sin Tunnel of love. På kassett. Det var foreldra mine sitt pensjonerte anlegg, to oransje, sekskanta Tandberghøgtalarar, ein Telefunken radio/forsterkar, og eit flatt kassettdekk frå Akai. No må du gå å hjelp han far, sa mor, og det var lettare å gå ut i fjoset, enn å gå og kjenna på det dårlege samvitet. Og han vart vel glad, sjølv om han ikkje viste det. Eg hugser at 198

Midt i hjerta

 Det er lørdag formiddag, tiende i tolvte tjuetjuetre. Jeg sitter helt inntil scenekanten på Spor 5, sammen med Anja, og cowboyene tar plass der oppe. Det er jul for cowboys, og Dag åpner på vokal, og Morten og Rune faller inn, og bandet er så samspilt at de spiller og puster som èn organisme og salen lytter andektig, og Rållså og Rållsingene sitter på første rad, og jeg har den finfine muligheten at jeg kan betrakte det musikken gjør med dem, og samtidig se dem der oppe. Og høre. Det er stor hengivenhet, og kjærlighet mellom scene og sal, og her sitter jeg, som er så heldig å få være med på, og bli kjent med disse menneskene igjennom ei hel helg. Synge èn låt på hver forestilling, og ellers bare være i det. Shane Mac Gowan's `Rainy night in Soho' er neste låt, og den blir så utrolig sterk og fin i denne versjonen, og jeg griner for første, men ikke siste gang denne dagen,  Det blei nydelig musikk, med mye gode tekster, fem fulle hus, hyggelige tilbakemeldinger, latter og en fe