Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2016

jeger dvergbøy og staden gud gløymde 3

Dei første vekene på Maukstadmoen er det mykje tid som går med til å venta, og stå i kø. Få utdelt utstyr. Helsetrøyer og magasintasker og AG3 og vinter under lang og feltbukser og jakkar og denslags. Og så er kvardagen mykje basert på å bretta desse effektane fint nok i skåpet - med teljekant - slik at det ser sjebeleg ut når ein skal melda av rommet for inspeksjon om morgonen. Kvar morgon er det oppstilling utafor kaserna i åttetida. Tropp for tropp etter rang - alltid med dei grøne automatriflene på aksla. Alle dialektane Nordlendingar, Trønderar, me var tre rogalendingar, to frå sunnmøre. Jæger Jænsen frå Hammerfest.Mange frå austlandet. Ein frå Sandefjord som fekk sopp på 'kølla' som han sa på ein øvelse. Ingen ville ha då han baud rundt på sjokolade. Sopp på kølla, vettu, har det vettu, helt jævli, vettu. Eg er i beste fall ein midellmådig soldat. For mykje av ein drøymar, for lite av ein atlet, for klønete, for umogen. Eg veit ikkje eingong kven eg var den gongen.

jeger dvergbøy og staden gud gløymde 2

På ein vegg i kantinebygget i Maukstadmoen leir, i Øverbygd, Skjold garnison i indre Troms sto det ein tagg i sprittusj på døra i den innste WC- båsen. Stedet gud glemte, djevelen forlot og forsvaret overtok.  Det var nok krota ned av ein filosofisk soldat som ønska at han kunne vera alle andre stader. Berre Ikkje her. Maukstadmoen romma drøyt 800 soldatar, fordelt på eit titals kasernebygg i mur. 4 etasjar. I fasong minna dei om hotella i dei gamle Monopol-spela. I røynda (røynda er mitt favorittord på nynorsk) var det alt anna enn hotell. Det var eit helveteshol i midten av ingenting. Folk eg snakkar med mimrar attende til tida i forsvaret som ei fin tid, med forbrødring og fine turar i skog og hei. Eg kjem attende med vinklingar på den saka. Fortlaupande. Kaserna som skulle vera heimen til Stabskompaniet heitte 'Sannan' - etter rekruttleiren på Steinkjersannan. Ei anna heitte Heistad etter (ja, du har kan hende gjetta det alt) Heistadmoen. Stabskompaniet består av k

jeger dvergbøy og staden gud gløymde. 1

Det er 1988. Eg sit i eit Herkules troppetransport-fly. Det er September eller Oktober. Me har mellomlanda på Andøya. Eg sit med ryggen mot flyets yttervegg. Vendt mot midten av flyet  Rundt meg, og mot meg i heile flyet - i dei hengekøye-aktige seta - sit slike som meg. Soldatar i uniform. Meir eller mindre motiverte for å verne konge og fedreland mot sovjetunionen. Rykta vil ha det til at Ivan i aust kan utrydda oss alle med ein einaste lang gjesp. Eg ser Ikkje før me landar på Bardufoss flystasjon at snøen har farga fjelltoppane kvite. Det tek tid å tømma flyet. Me er hundrevis av grøne. Det tek tid å finna bagasjen sin. Ein stor blå bag (eg har bore oppimot 2 kassar øl i den bagen - på ein gong). Han har oransje bagasjelapp - surra fast med forsvarets standardiserte taustump på nøyaktig 15 centimeter. Eg er betenkt. Med rette, skal det visa seg.

Go before it's too late

Det er Mars. Jeg er ikke død, tvert om er jeg mer levende enn på lenge. Vi har gitt ut EP, jeg har vært på Hjelmeland og holdt kåseri, jeg har blitt styremedlem i Folkeakademiet Rogaland, vi har holdt releasekonsert på Checkpoint Charlie. Jeg har vært med på å arranger 4 verneombudssamlinger, fra Kristiansand i sør til Etne i nord. Jeg har unger som snåtter og hoster og rållser og springer inn og ut dørene i vårsola. Til min forbauselse liker jeg å ha det travel. Da setter man mer pris på hvileskjærene som oppstår innimellom. Men det blir litt for lite lesing og skriving, for alt sånt er en kontinuerlig prossess, et hjul som går, og i det øyeblikket man slutter å sveive, så vil det sakne farten, for til slutt å stoppe helt opp, og da kreves det kraft for å sveive det igang igjen. Det er rart med lyset, at når vi får lys på oss, så letner det liksom i hodet også. Jeg griper meg selv i å myse i undring opp mot den der glitrende saken der oppe. For en kraft den har! I gaml