jeger dvergbøy og staden gud gløymde 2

På ein vegg i kantinebygget i Maukstadmoen leir, i Øverbygd, Skjold garnison i indre Troms sto det ein tagg i sprittusj på døra i den innste WC- båsen.
Stedet gud glemte, djevelen forlot og forsvaret overtok. 
Det var nok krota ned av ein filosofisk soldat som ønska at han kunne vera alle andre stader. Berre Ikkje her.
Maukstadmoen romma drøyt 800 soldatar, fordelt på eit titals kasernebygg i mur. 4 etasjar. I fasong minna dei om hotella i dei gamle Monopol-spela.
I røynda (røynda er mitt favorittord på nynorsk) var det alt anna enn hotell.
Det var eit helveteshol i midten av ingenting.
Folk eg snakkar med mimrar attende til tida i forsvaret som ei fin tid, med forbrødring og fine turar i skog og hei.
Eg kjem attende med vinklingar på den saka. Fortlaupande.
Kaserna som skulle vera heimen til Stabskompaniet heitte 'Sannan' - etter rekruttleiren på Steinkjersannan. Ei anna heitte Heistad etter (ja, du har kan hende gjetta det alt) Heistadmoen.
Stabskompaniet består av kokkar, stabspersonell, sjåførar, sambandsfolk, og oss i jegertroppen.
I jegertroppen finst ei salig blanding av motiverte og umotiverte soldatar. Nokre har freista å verta fallskjermjegerar, men vorte vogne og funne for lette. Andre (som meg) har vorte hivne ut frå heimevernets utskrivne sersjantkurs på Kongsvinger. Me bur 6 mann på kvart rom. Ei køye og eit jernskåp kvar. Sekkar med beredskapsutstyr på toppen. Eit respatexbord. 6 stolar i børsta stål med plastikksete.
Ein radio med kassettspelar i glaskarmen.
Eit rundt askebeger i stål.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta