jeger dvergbøy og staden gud gløymde 3

Dei første vekene på Maukstadmoen er det mykje tid som går med til å venta, og stå i kø. Få utdelt utstyr. Helsetrøyer og magasintasker og AG3 og vinter under lang og feltbukser og jakkar og denslags.
Og så er kvardagen mykje basert på å bretta desse effektane fint nok i skåpet - med teljekant - slik at det ser sjebeleg ut når ein skal melda av rommet for inspeksjon om morgonen.
Kvar morgon er det oppstilling utafor kaserna i åttetida. Tropp for tropp etter rang - alltid med dei grøne automatriflene på aksla.
Alle dialektane Nordlendingar, Trønderar, me var tre rogalendingar, to frå sunnmøre. Jæger Jænsen frå Hammerfest.Mange frå austlandet.
Ein frå Sandefjord som fekk sopp på 'kølla' som han sa på ein øvelse. Ingen ville ha då han baud rundt på sjokolade. Sopp på kølla, vettu, har det vettu, helt jævli, vettu.
Eg er i beste fall ein midellmådig soldat. For mykje av ein drøymar, for lite av ein atlet, for klønete, for umogen. Eg veit ikkje eingong kven eg var den gongen.
I Desember kjem snøen for fullt. Kler indre Troms i kvitt. Me vert tildelt ski og truger og kvite kamuflasjeklede. Skia er av tre og går under tilnamnet Natoplank, med bindingar som ein set militærstøvlane rett oppi, med ei lang metallfjør som strekk seg rundt hælen, med ei spenne til å låsa av med heilt framme.
Eg hadde mistankar frå før om at eg ikkje var nokon stor skiløpar. Ingen av oss Rogalendingar var det, men eg var i særstilling den minst gode.
Eg lerar å hata vinteren og alt som har med ski å gjera. Dårlege ski, dårleg balanse, dårleg humør.
Eg får tilnamnet Sondre Nordheim.

Kommentarer

Anonym sa…
veldig artig å lese, har en sønn som tjenestegjorde på Skjold for et par år siden, og jeg tror man kan konkludere med at det er ikke så mye som har endret seg der oppe :-) Gro
Bergljot sa…
Men du var fin i uniform. Husker at du ble litt lubben også det året, litt rund i kjakene - til tross for all skigåinga.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta