Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2022

Mother Russia var bra, da (Sisters of Mercy, Sentrum scene 21/5 2022)

Bilde
  Klokka er kring 2230 utanfor Sentrum scene i Oslo. Det står to stykk der, som ikkje kjenner kvarandre frå før, og beggje må ha pause frå konserten dei er på, og beggje røykjer og han frå stavangertraktene, han som er eldst er så skuffa at tårene står i augene hans. Han som opprinneleg kjem frå Bergen seier: Han kunne ha gjort det sååå jævla lætt for seg! Han kunne ha tatt på seg en hatt, fylt scenen med røyk, og hængt seg åver mikrofonstativet. Og dær kunne han bare stått, og folk hadde bare ælsket det. - Eg heilt enige, eg har faen lyst te å begynna å grina, og lyden - ka har di gjort med lyden? Det e jo EIN jævla graud. Og han synge jo ikkje - han kvekke jo som ein FROSK! Ein kompis av Flanellskjortemannen frå back in the day hadde ordna oss sitjeplasser på galleriet, fordi vennina hadde noko med ryggen, og me sat heilt framme oppå der, og då dei kom på, i eit blått lys, hadde me klappa relativt entusiastisk, sjølv om me ikkje kjende første songen, og ikkje den andre heller, nummer

Flått

Bilde
  Me er ute og går igjen, Endre og eg. Våren har kome og digitavla ved Brustadbua viser 17 grader Me har gått runden kring Mosvatnet, med kolonihagen på Våland som tenkt endestasjon. Innimellom grip han handa mi. Det er ingen vafler igjen der, i hovudhuset, men dei har is. Pinup eller friskis, og det er ein liten kopp kaffi att, og eit glas saft, og me set oss ved eit bord på utsida, midt oppi alt det grøne og blømande. Me går heim igjen opp bakken frå Saksamarka, og Endre ser ner i grøfta og seier: - Eg trur eg ser ei hanntikka. - Eller kanskje det e ei HUtikka, svarar eg. - Eller ei HENTIKKA, smell det frå junior. Og frå no av finns det ikkje noko anna.

Er det tilfeldig at assistenten til han i Jorda rundt på 80 dagar heiter Passaporte?

Det er den dag en då ekte arbeiderar går i tog nede i sentrum. I solidaritet med arbeidsfolket og i kamp for rettferd og fridom.  Det er òg far sin fødselsdag. Det er den dagen då det er Søndag og første mai på ein gong. Ein raud dag på ein raud dag vil alltid kjennast som eit tap. Ni rette i tipping. Han skulle vore flytta, var det ein som sa, og eg veit at han meinte det litt Alle vil reisa no som pandemien er slutt, og derfor er det travelt hjå politiet i høve utstading av nye pass. Eg kjenner folk som måtte reisa til Etne eller Eigersund eller andre perifere utkantar, Rållså fekk plass i går, på flyplassen klokka kvart på ti på kvelden, og så sette ho seg på toget. Laurdagane hjå oss brukar vera slik at Endre vert køyrt til Jørpeland kring 11 og Ingrid stikk til byen for å henga med vener, og Rållså og eg sit i kvar vår fløy og les eller skriv eller ser på noko eller førebuer oss, eller eg er på øving i eitt av banda mine eller ser fotball. I går, siste dagen i april 2022